Jordvern og FNs berekraftsmål

FNs berekraftsmål nummer 2

Eit sterkt jordvern er ei føresetnad for å nå FNs berekraftsmål nr. 2 om å utrydde svolt og sikre matsikkerheit.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.03.2021

Landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad og kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup har, i eit felles brev til kommunane og fylkeskommunane i landet, presisert den viktige rolla jordvernet har for å nå FN sine berekraftsmål. Det er viktig for regjeringa å følge opp berekraftsmåla. Desse skal vere det politiske hovudsporet for å ta tak i vår tids største nasjonale og globale utfordringar.

«Kommunane speler ein avgjerande rolle i arbeidet med å følge opp jordvernet og berekraftsmåla. Matjorda vår er gull verdt, og det å ta vare på den er veldig viktig for å sikre eit levande og aktivt landbruk i heile landet, både i dag og for generasjonane som kjem etter oss, seier Bollestad.»

Brevet kan du lese her https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/jordvern-avgjorende-for-a-na-barekraftsmalene/id2827870/

Sjå også Landbruks- og matdepartementets heimeside for oppfølging av FNs berekraftsmål nr. 2 https://www.regjeringen.no/no/tema/mat-fiske-og-landbruk/mat/fns-barekraftmal/id2537452/