Å kunne brødfø eiga befolkning

Gravemaskinar er i gong på eit jorde i Meisingset i Tingvoll i forbindelse med ny riksveg 70.
Gravemaskinar er i gong på eit jorde i Meisingset i Tingvoll i forbindelse med ny riksveg 70. Foto: Tormod Meisingset.

Vi har eit felles ansvar for at det vert produsert nok mat til alle menneske på jorda vår. Noreg må  bidra med sin del.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.12.2020

Kronikk

Årets fredsprisvinnar, FNs matvareprogam, skriv på sine heimesider at 690 millionar menneskje i dag går svoltne til sengs. Mange av desse er born.

690 millionar. Covid19-situasjonen på verdsbasis, samt krig og naturkatastrofar, bidreg til at dette talet aukar for kvar dag. Så kan ein sikkert diskutere om dette handlar meir om fordeling av matressursar enn om produksjon og volum. Likevel; vi lever i ei uroleg tid med eit spent verdsbilete. Proteksjonisme utfordrar samhandling og fellesskapstanken.  Midt i dette er ein av dei mest samfunnskritiske faktorane for ein nasjon det å kunne brødfø si eiga befolkning. Matproduksjon og størst mogleg sjølvforsyningsgrad er eit viktig bidrag til global og nasjonal sikkerheit, beredskap og stabilitet.

Vi må ta tak!

FNs 17 berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringar innan 2030. Berekraftsmåla ser miljø, økonomi og sosial utvikling i samanheng. Regjeringa har bestemt at berekraftsmåla utgjer det politiske hovudsporet i Noreg for å ta tak i vår tids største nasjonale og globale utfordringar.

Berekraftsmål nr. 2 handlar om å utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk. Eitt av delmåla går ut på at ein innan 2030 skal utrydde svolt og sikre alle menneskjer tilgang til trygg, næringsrik og tilstrekkeleg mat heile året. Fattige og personar i utsette situasjonar, blant anna spedbarn, er løfta fram som hovudmålgruppe.

No er ikkje grunntanken at landbruksproduksjonen i Noreg skal mette fattige barn i utviklingsland. På alle måtar er det betre at nasjonar får hjelp med kunnskap og teknologi til å produsere si eiga mat. Men vi har eit felles ansvar for at det vert produsert nok mat til alle menneske på jorda vår. Vi må  bidra med vår del.

Mål om å auke norsk matproduksjon

Noreg er blant dei landa i verda med minst dyrka areal per innbyggjar. Det er eit nasjonalt mål å auke matproduksjonen. Til det treng bonden jord. Stortinget vedtok 8. desember 2015 ein nasjonal jordvernstrategi med mål om at den årlege omdisponeringa av dyrka mark må vere under 4000 dekar.

Dei siste åra har vi nådd det nasjonale jordvernmålet. Landbruks- og matdepartementet vil revidere jordvernstrategien i 2021, og samtidig vurdere målet som er sett. Ei mogleg framtidig innskjerping av det nasjonale målet vil kanskje halvere det, til 2000 dekar. Det regionale jordvernmålet i Møre og Romsdal om nedbygging på mindre enn 200 dekar matjord i året er også nådd. Gitt ei nasjonal innskjerping, så kan dette bety at målet i Møre og Romsdal kan verte at ikkje meir enn 100 dekar kan byggast ned her i fylket i året. Det tilsvarar omtrentleg 14 Aker stadiona. Utfordrande, men med hard politisk vilje og prioritering i kommunane så er alt mogleg.               

Nullvisjon i Kristiansund

Kommunane er jordvernmyndigheita og nøkkelen til bevaring av matjorda. Kristiansund er blant dei første kommunane i Møre og Romsdal som gir eit tydeleg signal om at dei prioriterer matproduksjon framfor nedbygging av landbrukets næringsareal. I sin arealstrategi har dei vedteke eit prinsipp om nullvisjon i nedbygging av dyrka mark. Fylkesmannen støttar Kristiansund sitt mål og oppfordrar samstundes alle kommunar i Møre og Romsdal til å vedta ein nullvisjon for nedbygging av dyrka mark og matproduserande areal.

I det vi øydelegg matjord, gjer vi det for alltid. Vi må leggje framtidsperspektivet til grunn i våre daglege gjeremål, og særskilt i arealplanlegginga. Slik sikrar vi best våre etterfølgjarar moglegheita for produksjon av trygg og god norsk mat.

Internasjonal jorddag

Da USA vedtok sin Soil Conservation Act i 1935 sa president Roosevelt: «The history of every nation is eventually written in the way it cares for its soil». Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har uttalt at matjorda er kapital for framtidige generasjonar. Det tar naturen over 1000 år å produsere godt jordsmonn som vi kan dyrke mat i, men vi treng berre ein dag på øydeleggje det. Tap av matjord er ein risiko for matforsyning verda rundt. Dette er synleggjort ved at FN har gjort 5. desember til den internasjonale jorddagen.

Vi lever av jorda. Vi er avhengig av jorda. Jorda produserer mat. Minst 1/4 av verdas artar finst i jordsmonnet. Symbiose og samarbeid av millionar av organismar under bakken, samt ein lidenskapleg matprodusent over bakken, forsyner oss med trygg og sikker mat. Ta ein kikk etter alle landbruksprodukt i kjøleskap, fryser, hyller og skap på kjøkken og spiskammers. Då får du sjå noko av  det matmangfaldet jorda gir oss.

Tenke globalt, handle lokalt

Slagordet til Gro Harlem Brundtland gir også meinig ved matproduksjon og bevaring av matjord: «tenke globalt, handle lokalt». Møre og Romsdal har også eit ansvar, både globalt og nasjonalt. Fylkesmannen skal sjå til at kommunane bidreg til felles innsats for å ta vare på matjorda vår. Vi vil ønskje alle ein god jorddag 5. desember.

Frank Madsøy, direktør landbruksavdelinga, Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Frank Madsøy, direktør Foto: Anita Grønland.
Tormod Meisingset rådgivar landbruk/jordvern, Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Tormod Meisingset, rådgivar Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.