Informasjonsbrev veke 18/2025

- RMP - Regionalt miljøtilskot i jordbruket for 2025
- Melding om moglig produksjonssvikt for 2025
Publisert 30.04.2025
På Statsforvaltaren si heimeside finn du informasjon om årets søknadsomgang.
Det er ingen endringar frå 2024, men nokre detaljar er blitt presiserte.
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset
Det har ikkje komme inn nokon meldingar i AGROS om produksjonssvikt. Sjølv om våren er godt i gang, er det framleis fare for uventa klimatiske forhold som kan påverke avlingane negativt. Det er derfor viktig at de informerer gardbrukarane om å sende ei melding om mogleg produksjonssvikt, dersom dei opplever noka form for skade på produksjonen.
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset