Informasjonsbrev veke 38/2024

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Utdeling av kulturlandskapsprisen
  • Hugs å svare på evalueringsskjema for forvaltningssamlinga 11.-12. september
  • Regionalt løft for markedsføringsdialog i offentlige innkjøp

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.09.2024

Utdeling av kulturlandskapsprisen 2024 

Måndag 16. september blei kulturlandskapsprisen 2024 delt ut til Knut Flatvad og RIta Dyrnes Flatvad i Sunndal kommune. Les meir om det her: Landskap som gir mat | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no) 

Framtidig prisvinnar i din kommune? 

Har du ein eller fleire kandidatar til prisen i din kommune, så vil vi gjerne vite om dei. Send da ein e-post med namn til underteikna. Vi vil gjerne få forslag på kandidatar hos kommunar som ikkje har hatt nokon prisvinnarar enda. Sjå oversikt her  

Kontaktperson: Ragnhild N. Aas 

 

Hugs å svare på evalueringsskjema for forvaltningssamlinga 11.- 12. september 

Vi har laga ei spørjeundersøking for å få ei tilbakemelding frå deg på årets forvaltningssamling.  I tillegg stiller vi deg nokre spørsmål som vil hjelpe oss å planlegge framtidige samlingar og webinarer. Du svarer anonymt.  

 Lenke til spørjeundersøkinga: https://forms.office.com/e/5QTYUmnG3i 

 Kontaktperson: Ragnhild N. Aas  

 

Regionalt løft for markedsføringsdialog i offentleg innkjøp

God marknadsdialog styrkjer samarbeidet mellom offentlege innkjøparar og leverandørar, slik at dei beste løysingane blir valde og skapar verdi for felles problemstillingane vi ønskjer å løyse. 

Den 16.10. kl. 10-14 inviterer Tredrivaren med fleire til ei spennande og lærerik samling om marknadsdialog for offentlege innkjøp i vår region. Vi gir deg ei innføring i korleis ein praktisk gjennomfører marknadsdialogar, relevant regelverk og konkrete døme. Målet er å styrkje regionens samla kompetanse innan offentlege innkjøp generelt og marknadsdialog spesielt. 

Meir info og påmelding her  

Elektronisk bindande påmelding innan 02.10.

 

Kontaktperson: Christina Qvam Heggertveit