Informasjonsbrev veke 24/2026

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Nettseminar: Verdiskaping i landbruket i Møre og Romsdal tysdag 16. juni
  • Ny løysing for Landbruksregisteret 
Publisert 10.06.2026

Nettseminar: Verdiskaping i landbruket i Møre og Romsdal tysdag 16. juni  

Tysdag 16 juni klokka 9-10 inviterer Møre og Romsdal Fylkeskommune til seminar om verdiskaping i landbruket i Møre og Romsdal. 
Der får vi høyre kva økonomiske verdiar som blir skapte av landbruket i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylkeskommune har nemleg fått utarbeidd ei fersk analyse frå Norsk institutt for bioøkonomi. Den presenterer tal for ulike produksjonar og for ulike kommunar, samt både råvareproduksjon og foredling. Vi får også høyre korleis dette har utvikla seg over tid. 
Påmelding her:  https://events.teams.microsoft.com/event/cb021348-72f0-4ad5-b4d5-7cb87ca36c05@b932ece7-9cdf-4d94-b4c1-15256e43c7ea 
Informer gjerne vidare i din kommune. Seminaret er ope for alle, uansett om du sit på kontor eller i traktor!  
 


Ny løysing for Landbruksregisteret 

I løpet av 12. juni blir det gamle landbruksregisteret erstatta av ei ny løysing. Eventuelle endringar som blir gjort i løpet av den dagen blir ikkje vidareført, men det gamle landbruksregisteret vil vere opent for oppslag heile dagen. 
I løpet av 13. juni vil alle andre fagsystem gå over til å hente informasjon frå det nye Landbruksregisteret. Det kan bety litt ustabilitet. Alle som i dag har tilgang til Lreg vil automatisk bli oppdatert med tilgang til det nye Landbruksregisteret, som vil bli liggande på den nye applikasjonsplattforma. 
Brukarrettleiing til den nye løysinga: Brukerveiledning_for_Landbruksregisteret-juni_2026 (1).pdf 
Landbruksdirektoratet har planer om eit kurs for gjennomgang av den viktigaste funksjonaliteten den 18. Juni. 
Kontaktperson:   Per Eldar Nakken