Informasjonsbrev veke 18/2026

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Hoppid.no nettverkssamling i Surnadal 9. - 10. juni. Påmeldingfrist 6. mai
Publisert 29.04.2026

Hoppid.no nettverkssamling i Surnadal 9. - 10. juni. Påmeldingfrist 6. mai 

Det vert arrangert nettverkssamling for hoppid.no i Surnadal 9.  10. juni med tema Garden som ressurs, kultur og kreativ næring. 

Samlinga rettar seg mot rådgjevarar og samarbeidspartnarar i hoppid.no-nettverket, og har som mål å gje fagleg påfyll, legge til rette for erfaringsdeling og styrke samarbeidet på tvers av aktørar. 

Programmet byr på faglege innlegg, dialog og refleksjon, samt bedriftsbesøk som viser korleis garden kan vere ein aktiv ressurs for næringsutvikling, og korleis vi støttar opp om kulturell og kreativ næring i Møre og Romsdal. 

Påmeldingsfrist 6. mai kl 12. 

 

Kontaktperson: Marie Teigland