Informasjonsbrev veke 08/2026

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Landbruksdirektoratet sin kunnskapskonferanse 12. mars 
  • Om avløysartilskot og innleige av avløysarar i jordbruket 
  • Tilskudd til miljøtiltak i skog 2026 
Publisert 18.02.2026

Landbruksdirektoratet sin kunnskapskonferanse 12. mars 

Direktoratet sin digitale kunnskapskonferanse vert arrangert torsdag 12. mars kl 9 – kl 12.  

 

Om avløysartilskot og innleige av avløysarar i jordbruket 

For ei tid tilbake sendte Landbruk Nordvest ut eit informasjonsbrev til sine medlemaretterkant har det oppstått noko usikkerheitBakgrunnen er nye reglar for innleige av arbeidskraft og ei ny forskrift om innleige av avløysarar frå avløysarlag. 

Dei nye reglane for innleige av arbeidskraft er ei innstramming av ein arbeidsgivar sitt høve til å tilsette arbeidstakarar  midlertidigig basis og til å leige inn personell frå verksemder som driv med utleige av personell (bemanningsføretak)Innstramminga har skjedd i form av endring i arbeidsmiljølovaMålet er å bygge opp om hovudregelen her i landet om at arbeidskraft skal vere fast tilsette. 

For innleige av avløysarar frå avløysarlag gjeld eit unntak frå reglane i arbeidsmiljølova om innleige frå bemanningsføretak. Hensikta bak dette unntaket er at avløysarar i langt større grad kan ha utsikter til heile, faste stillingar som tilsett i eit avløysarlag enn hos den enkelte bonde. 

For å kunne ha rett til avløysartilskotkrevst at det blir utført arbeidsoppgåver knytt til husdyreller planteproduksjon som det ikkje er uvanleg at jordbrukaren utfører sjølv. Dette gjeld uavhengig av om det er avløysar i avløysarlageigen tilsett eller om det er ei fakturert teneste. Endring i regelverket om innleige av arbeidskraft og nytt særregelverk om innleige av avløysarar i jordbruket har ingen direkte innverknad  avløysartilskotet. 

Kontaktperson: Per Eldar Nakken 

 

Tilskudd til miljøtiltak i skog 2026 

Sentral ramme for Tilskudd til miløtiltak i skog for 2026 er no lansertOrdninga gjeld tilskot til tiltak som tek vare  og vidareutviklar miljøverdiar knytt til biologisk mangfaldlandskapfriluftsliv og kulturminner i skog 

Tilskot vert belasta ei nasjonal ramme  3 mill kroner.  

Søknadane vert fortløpande behandla i kommunane. 

Ein kan lese meir om ordninga her:  Tilskudd til miljøtiltak i skog 

Ei nærare orientering kring forvaltning av ordninga ligg her:  Tilskudd til miljøtiltak i skog - nasjonal ramme og saksbehandling 

KontakpersonOdd Løset