Utbetaling av produksjonstilskot for søknadsomgangen 2025
I februar vart produksjons- og avløysartilskot utbetalt, basert på opplysningane i søknadsomgangen 2025. Til saman vart det utbetalt ca. 1,223 milliardar kroner til bøndene i Møre og Romsdal.
Basert på tala for søknadsomgangen 2025 vart det i februar i år betalt ut ca. 1 111 mill. kroner i produksjonstilskot og 112 mill. kroner i avløysartilskot. Tilsvarande tal for i fjor var 1 096 mill. kroner og 109 mill. kroner. Det er betalt ut tilskot til 2 293 føretak, mot 2 298 i fjor og 2 303 året før.
Det har dermed vore ein veldig svak nedgang dei siste par åra i tal føretak som søker og får utbetalt produksjonstilskot. Det betyr ikkje at landbruksnæringa er statisk. Mjølkeproduksjon er ein bærebjelke for landbruket i fylket, og talet på mjølkeprodusentar går jamt nedover. Per oktober 2025 var det 545 føretak med i gjennomsnitt 34 mjølkekyr. Året før var det 559 mjølkebruk med 32 kyr i snitt.
Det er 297 føretak med ammekyr, med 16 kyr i snitt. Dette er praktisk talt uendra frå året før. Talet på sauebruk er også veldig stabilt. For søknadsomgangen 2025 er det 1 002 føretak, med 52 sauer i snitt.
Meir informasjon og statistikk finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider Tilskudd til jordbruksforetak