Vil Woodcoat stoppe gransnutebilla

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Odd Løset

Gransnutebilla fører til at mange små granplanter døyr i fylket vårt. I år vil Allskog prøve om middelet woodcoat kan hindre billa å gjere skade.

Publisert 24.04.2024

Gransnutebille gjer stor skade

Billa gnager av borken på småplanter. Nokre planter blir ringborka og døyr, medan andre vert svekka og får redusert vekst.

Gransnutebilla vert tiltrekt av fersk hogstavfall og opptrer svært talrik dei første åra etter hogst. Difor rår forvaltinga skogeigarane til å vente tre år med planting. Å vente gir på den andre sida utfordringar med at det veks opp konkurrerande vegetasjon på frodige areal, og skogen tapar veksttid. Å få planta tidlegast mogleg etter hogst er difor ønska.

Woodcoat kan vere ei løysing

Woodcoat er eit flytande middel med sand som blir påført planta i planteskulen. Belegget skal hindre at billa kjem til for å gnage på borken. Middelet er miljøvennleg. Planteskulane har som mål å fase ut bruk av kjemiske middel som vern mot skadegjerarar.

Vert prøvd ut i Møre og Romsdal no

Allskog vil i samarbeid med kommunane plante ut om lag 50 000 planter med woodcoat i vårt fylke. Plantene vil bli sett ut på relativt ferske hogstflater kor ein kan vente det er stor billebestand. Plantefelta vil bli følgde tett opp og undersøkt for eventuelle skader.  

image5bwn5.png

Kontaktpersoner