Tar kloke val i bygging av skogsvei

Dei siste to åra har skogeigarar i Møre og Romsdal fått tilbod om rådgjeving frå profesjonell vegplanleggjar på eit veldig tidleg stadium. Det har gitt gode resultat.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.09.2020

– Kompetanse og råd på eit tidleg stadium, medan ein fortsett ikkje er sikker på om ein skal byggje vegen eller ikkje, er viktig, seier Åsmund Asper fylkesskogmeister hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Planlegging og kunnskap
Fylkesmannen legg til rette for at skogeigarane skal få så god kunnskap som mogleg før vegprosjekta settast i gong.

– Fylkesmannen tek planleggingskostnadene fram til veglaget blir einige og vedtek å byggje veg eller ikkje. Også skogbrukssjefane har vore på vegkurs med midlar frå Fylkesmannen, fortel Asper.

Forvaltning av tilskot til bygging av skogsbilveg og tilskot til drift vart ført over til kommunane 01.01.2020. Fram til i år har mange kommunar hatt ei rolle som rådgjevar for mange skogeigarar.

– Med mynde og tilskotsløyving på kommunenivå vert rådgivarfunksjonen til kommunane noko endra. Både kommunar, næringa og skogeigarar har oppmoda Fylkesmannen til å gå inn i denne rolla med midlar til vegplanlegging.  

Mange nyttar høve
Fylkesmannen har lyst ut midlar, og skogeigarane har nytta høve: 16 prosjekt på til saman 27,5 km veg har brukt vegplanleggjar. 225 000 kroner er gitt til planleggingskostnader.

– Ikkje alle vegane vi har gitt midlar til planlegging av har blitt bygd, men skogeigarane har, uansett utfall, tatt valet basert på den beste kunnskapen. Nokre vegar har ikkje blitt anbefalt, andre er utsett i påvente av at skogen veks, fleire prosjekt er i gang og nokre er snart ferdig, fortel fylkesskogmeisteren.

Eit godt døme
Eit av dei snart ferdige anlegga er Helsem – Kjølås skogsbilveg i Stranda. Eit prosjekt på 3,3 km med vegklasse 4, barmarksveg for tømmerbil og hengar. Vegen vart godt planlagt før den vart påbegynt.  

– Her har 11 skogeigarar gått saman om vegen og totalt sett kan vegen løyse ut om lag 24 000 m3 med skog.

Helsem – Kjølås er ein del av «Hovudplanen for skogsbilvegar» i Stranda. Vegen er eit godt samarbeidsprosjekt med store volum tømmer. Tilskotsprosenten til dette veganlegget kjem opp i godt over 60 prosent.

– Drifta er godt i gang, sjølv om vegen ikkje er ferdig. Allskog har hogd om lag 10 000 m3, eller drygt to båtlaster med tømmer allereie, fortel Åsmund Asper.

Kontaktpersoner