Store skogressursar i Møre og Romsdal

Foto: Frå NIBIO RAPPORT VOL.8 NR. 62 2022
Foto: Frå NIBIO RAPPORT VOL.8 NR. 62 2022

Møre og Romsdal får stadig meir skog. Mykje av skogen er hogstmogen.

Publisert 11.05.2022

Landsskogtakseringa ved NIBIO har levert ny statistikk over skogressursane i Møre og Romsdal. Statistikken viser at vi får meir eldre skog og at skogvolumet er aukande. Gran dekkjer 16 prosent av skogarealet, men står for 37 prosent av volumet.  

Det er gjennomført liknande registreringar fem gonger tidlegare i vårt fylke. Første gong var i 1930, og førre registrering var i 2004. Landskogtakseringa har faste prøveområder over heile landet. Desse  vert oppsøkt årleg. For å få tilfredsstillande tal for ein fylkestakst vert dei faste områda supplert med registrering på andre områder. 

75 prosent av skogen er produktiv.

I Møre og Romsdal er det om lag 459 000 hektar skog. Dette omfattar 30 prosent av fylket sitt landareal. 75 prosent av skogen er rekna som produktiv. Dette er skogareal som kan produsere 0,1 m3 per dekar. Lauvstrær dekkjer over 50 prosent av skogen, furuskog rundt 30 prosent, medan det står gran på 16 prosent av det produktive skogarealet.Skogen legg på seg

Det er over 36 millionar m3 med skog i fylket. Sjølv om det er gran på ein relativt liten del av skogarealet, utgjer den 37 prosent av det ståande volumet. Lauvskogen står for 33 prosent, medan resterande er furu.

Skogen legg på seg med nesten ein million m3 i året. Tilveksten i granskogen er over dobbelt så stor som for furuskogen. Dei siste åra er det avverka rundt 250 000 m3 med gran, medan tilveksten ligg over 450 000 m3.

Hogstmogen skog

Når vi ser på takstresultata frå 1930 og fram til i dag, ser vi at ståande volum i skogane våre er mangedobla. Det gjeld alle treslag. Tilveksten har gått svakt ned for furu i dei siste takstperiodane. Det kjem nok av at furua begynner å bli gammal. For gran- og lauvskog er tilveksten omtrent lik føregåande takst i 2004. Det blei ikkje registrert tilvekst på gran i 1930. Det tyder på at det var lite gran på denne tida. Den store skogreisinga med gran byrja ikkje før på 50-talet.

Generelt vert skogen i fylket stadig eldre. Areal med skog over 80 år har auka kraftig. Dette ser ein og på diameterutviklinga på ståande skog – den er aukande. Det vert difor meir hogstmoden skog.

Rapporten frå NIBIO inneheld mange tabellar om mellom anna treslag, areal, volum, tilvekst, hogstklasse og driftsveglengde.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.