Webinar om PEFC

Statsforvaltarane i Møre og Romsdal og Vestland arrangerte den 15. mars eit felles webinar om PEFC for skogbrukssjefane i dei to fylka.

Publisert 15.03.2022

PEFC står for "Programme for the Endorsement of Forest Certification”. Dette er verdas største system for sertifisering av skog og er ein standard for korleis skogen skal forvaltast og drivast berekraftig.

I webinaret fortalde Thomas Husum i PEFC Noreg om PEFC generelt, det offentlege si rolle med omsyn til sertifiseringsordninga og korleis ein skogbrukssjef skal gå fram for å melde inn avvik eller brot på PEFC-standarar. Til sist fekk vi høyre om status på revisjonen av skogstandarden og vesentlege endringar.

Presentasjonen frå webinaret finn du her eller i høgre margen. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.