Biller gjer at gråorene vert brune

Foto: V. Talgø//NIBIO
Foto: V. Talgø//NIBIO

Brune bladskjelett er resultatet når orebladbillene forsyner seg grådig av lauvet på oretrea.

Publisert 16.08.2022

– Om du ser slike brune bladskjelett, er det mest sannsynleg gråor du ser. Dei små, svoltne krypa som føretrekker gråor framfor alt anna, er larvane til Stripa orebladbille, Galerucella lineola. Larva er 4-5 mm lang. Den er brungul med svart underside og mørke felt på brystet og på vingane.

Dette fortel Christina Qvam Heggertveit. Ho er fylkesskogmeister hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

Etegilde

Dei vaksne orebladbillene har overvintra. Dei legg egga sine på ordebladknoppane tidleg om sommaren, og når oreblada spring ut, startar ein fest for billelarvane, som har stor appetitt.

– Dei et det mjukaste på blada, det som er mellom bladnervane, slik at «skjelettet» blir ståande att, brunt og glissent. På avstand kan vi sjå at oretrea skil seg ut som raudbrune tre i det elles grøne terrenget, fortel Heggertveit.

Etter tre til fire veker har billeavkommet gått gjennom tre utviklingssteg, der dei har skifta det ytre skjelettet sitt før dei vert vaksne.

Kan verte fatalt for treet

– Viss billeangrepet blir kraftig nok, og går over fleire år, kan oretrea døy. Gråor har eit forsvar mot billeangrep. Som mange andre planter kan gråor lage antibeitestoff i blada sine. Dette stoffet gjer blada vanskelegare å fordøye, og verkar hemmande på veksten til billelarvane. Forsvaret krev mykje energi av treet, og setter først inn etter langvarig angrep, seier Heggertveit. 

Sjølv om den stripete orebladbilla helst beitar på gråor, kan den og angripe andre tresortar, som til dømes selje-artar.

Vanleg bille

Stripa orebladbille er ein vanleg art, med stor utbreiing. I Noreg finn vi han i låglandet i Sør-Noreg, heilt nord til Møre og Romsdal. Elles lev den i heile Europa, i store delar av Asia og i Nord-Afrika.

Fordi angrepa på gråor ikkje har særleg økonomisk betydning, vert det ikkje gjort tiltak for å stagge angrepa.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.