Oppstartsmøte for prosjekt «Analyse av flaskehalsar på kommunalt vegnett»

24 meter langt vogntog lastar på Malo tømmerkai
24 meter langt vogntog lastar på Malo tømmerkai Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Onsdag 19. oktober arrangerte Kystskogbruket i samarbeid med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal eit oppstartsmøte for «Analyse av flaskehalsar for tømmertransport og anna godstransport på kommune- og fylkesvegar i Møre og Romsdal»

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.10.2021

Transportøkonomisk institutt (TØI) skal på oppdrag frå Kystskogbruket utarbeide ei samfunnsøkonomisk nytteanalyse av det å fjerne flaskehalsar for tømmertransport og anna gods på dei kommunale vegane i Møre og Romsdal. Også fylkesvegar med flaskehalsar som er kopla mot kommunevegane vert omfatta av analysen. Flaskehalsane kan vere hinder som «svak» bru, krapp sving, osv. TØI har tidelegare gjort same analyse i Rogaland og Vestland. Fylkesskogmeister i Vestland, Torkel Hofseth, er innleigd til prosjektet. Målet er å finne og prioritere dei vegane der størst tømmervolum ligg bak ein flaskehals, og difor til størst nytte for skogbruket om flaskehalsen vert fjerna. Resultata av analysen er planlagd i løpet av 1. halvår 2022.

I 2016 vart det i Møre og Romsdal gjennomført eit prosjekt i samarbeid mellom Statens vegvesen, Kystskogbruket og Fylkesmannen, der ein såg på skjematisk oppskriving av dei kommunale vegane som låg utan flaskehalsar. Dette dobla dei køyrbare vegane for tømmerbil med kort og lang hengar på 50 tonn eller meir, frå 23% til 46 % av dei kommunale vegane. I dag er om lag 55 % av dei kommunale vegane i fylket opna for vogntog på 50 tonn eller meir.

Målet er å få opna så stor del av vegnettet som mogleg for 24 meter lange og 60 tonn tunge vogntog. Då vil tømmer og anna gods få betra konkurransekraft og det vil verte behov for færre turar, til det beste for trafikktryggleiken og reduserte klimagassutslepp.

Statsforvaltaren er nøgd med oppmøtet på samlinga, der også Møre og Romsdal Bondelag og dagleg leiar i Surnadal Transport deltok og bidrog godt i diskusjonen. Alle transportsensitive næringar bør stå saman for å tilpasse vegane i Møre og Romsdal til dagens moderne vogntog og størrelse.

Kontaktpersoner