Renndalen tømmerkai i Heim kommune får prioritet!

Austad og Bjerknes AS sitt område i dag (til venstre) prosjektert med ny kaifront og baklager. Foto: KNH
Austad og Bjerknes AS sitt område i dag (til venstre) prosjektert med ny kaifront og baklager. Foto: KNH

Etter oppstart av prosjektet i gamle Halsa kommune (2016) er skisseprosjektet for Renndalen tømmerkai (no Heim kommune) prioritert, og inviterast av Landbruksdirektoratet til å sende inn endeleg søknad om statlege kaimidlar.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.06.2021

Renndalen tømmerkai ligg i Vinjefjorden i Heim kommune.  Kaia har eit berekna dekningsområde for tømmer i kommunane Aure og Heim, med eit årleg volum på omlag 50 000 m3 tømmer. Kaia ligg tett ved E39, og det ligg derfor godt til rette for effektiv tømmertransport med 24m lange full-lasta vogntog til denne kaia.

Det er planlagt ein ny kaifront på 80 m, med planar om tømmer i to rekker med 6 m høgde på lunnane. Ein vil då kunne lagre  2000 – 2500 m3 tømmer på kaifronten, noko som er viktig for effektiv lasting av båt. Baklageret til kaia vil bli på om lag 16 daa.  

Budsjettet for kaiutbygginga er estimert til 33,5 mill kr, med eit omsøkt statstilskot på 15,8 mill kr.

Renndalen tømmerkai vil effektivisere tømmertransporten  frå Nordmøre og ytre delar av det sørlege Trøndelag. Kaia er eit samarbeidsprosjekt som tømmerkai for skogeigarane, Lerøy Seafood og Austad og Bjerknes AS som driv med grus og steinmassar. Kaia er tenkt drifta av Kristiansund og Nordmøre hamn IKS (KNH).

Mykje av skogen som ligg til grunn for berekningane kring Renndalen tømmerkai er furu. Etter ein periode med dårlege prisar på furutømmer, ser vi no at prisane på furutømmer stig.  Det er mykje hogstmoden furu i Heim og Aure vil kunne få nytte av redusert transportavstand til kai med denne utbygginga

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner