Gledeleg auke i skogplantinga

Megarden planteskole melder no om at dei har omsett rundt 1 million planter i vår. Dette er ei auke på rundt 200 000 planter i høve til føregåande år. I tillegg vil det bli planta ein del i haust.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.07.2018

Det har ikkje vore samsvar mellom auka hogstaktivitet og planteaktivitet dei siste åra. Hogsttala viser ei tredobling siste fem åra medan plantetalet ikkje har stige tilsvarande. Det er gledeleg at plantinga no aukar.

Mange utfordringar

Vi har mange utfordringar knytt til å forynge skogen. Det er m.a. gransnutebille, konkurrerande vegetasjon og hjortebeiting. For å unngå skadar av gransnutebilla har planting blitt utsett tre år etter hogst. Det fører naturleg nok til at auken i plantetal kjem noko seinare enn hogstauken. Det er no kome ein ny type planter som er handsama med voks, for å hindre at billa gneg på borken. Dette har dels gitt gode resultat, og kan føre til at vi får plante tidlegare enn før. Då unngår vi i større grad problem i høve til konkurrerande vegetasjon, som bringebær og lauvkratt. Nesten halvparten av dei omsette plantene er voksa. Det står framleis att noko forsking og oppfølging rundt denne plantetypen. I Ørsta/Volda er det eit mindre prosjekt, der vi føl utviklinga til desse plantene spesielt.

Hogst medfør plikt til å fornye

Avvirking av skog utløyser foryngingsplikt. Det vil seie plikt til å få opp att ny skog. Ved hogst av våre kulturskogfelt på god jord, vil planting vere mest aktuell metode. Foryngingsplikta sikrar berekraftig forvaltning av skogressursane, kvalitet på skogen og framtidige inntekter for skogeigar. Planting er og eit viktig klimatiltak for å oppretthalde skogen si evne til å binde karbondiksyd. Det er derfor gledeleg at skogeigarane no i aukande grad sikrar framtidig skogproduksjon.

Kontaktpersoner