Urbant landbruk

Foto: mostphotos.com.

Statsforvaltaren skal gje fagleg bistand til oppfølging av regjeringa sin nasjonale strategi for urbant landbruk: Private og offentlege aktivitetar knytt til produksjon av mat, utvikling av grøntstruktur og sirkulær ressursbruk i byar og tettstader.

Publisert 09.03.2021

Urbant landbruk inkluderer balkongkasser og tak, villahagar, andelshagar, parsellar og bynære landbruksareal. Aktivitetane kombinerer ofte fleire føremål som undervisning, hobby, næringsutvikling og entreprenørskap, sosiale møteplassar, folkehelse, integrering, matkultur, naturmangfald, samt vern av matjord og grøntområde.

Landbruk med nærleik til byen

Det bynære landbruket i byen sine randsoner og nærområde omfattar tradisjonelt jordbruk, hagebruk, skogbruk og utmarksnæring. Her finnst og andre landbruksbaserte næringar som produksjon av bioenergi og jordprodukt, kultur og reiseliv, tenester innan hage- og anleggsarbeid, lokalmat og drikke, Inn på tunet-gardar, besøksgardar, andelsgardar og hestegardar. I den grad verksemda si drift og forretningsmodell er retta mot å dra direkte nytte av nærleik til byen, kan dei reknast som ein del av det urbane landbruket.

Kunnskap og møteplassar

Urbant landbruk bidreg til kunnskapsutveksling mellom landbruket og bybefolkninga, utvikling av møteplassar og nettverk mellom bonde og forbrukar, og kan gje landbruket fleire mogelegheiter som tenesteleverandør til urbane strøk. Salskanalar som kortar ned avstanden mellom bonde og forbrukar kan stimulere landbruket til å produsere det forbrukarane etterspør og gje forbrukarane meir kunnskap om maten sin opprinnelse.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.