Landbrukskonferansen med fokus på Møre og Romsdal si rolle i auka norsk sjølvforsyning

Bilde frå opninga av Landbrukskonferansen 2023. Her frå opninga med musikalsk innslag frå Runa Tunheim som spelte fele, med mykje folk i salen.
Fullt hus på Landbrukskonferansen 2023. Her frå opninga med musikalsk innslag frå Runa Tunheim. Foto: Marie Teigland.

Konferansen fann stad fredag 3.mars på Scandic Alexandra i Molde, med heile 156 påmelde. På programmet stod inspirasjonsinnlegg, faginnlegg og politisk debatt. Den raude tråden gjennom dagen var korleis best leggje til rette for eit framtidig berekraftig landbruk i Møre og Romsdal - både klimatisk, økonomisk og ikkje minst sosialt. Konferansen vart gjennomført i samarbeid med Bondelaget og Bonde og Småbrukarlag Møre og Romsdal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.03.2023

Runa Tunheim frå Valsøyfjord opna konferansen med musikalsk innslag og humoristisk dikt, før Statsforvaltar Else May Norderhus delte sine tankar om viktigheita av norsk matproduksjon i eit lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv. I den nyleg vedtatte Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal er det overordna målet eit verdiskapande og mangfaldig landbruk i heile Møre og Romsdal, basert på berekraftig bruk av lokale ressursar.

Dårlig ver, flykaos og forseinkingar gjorde at programmet måtte snuast om. Å forandre planar som følgje av uforutsett vér er denne forsamlinga god på, spøkte konferansier, Øystein Syrstad. Og sjølvsagt har han heilt rett. Det er vel knapt noko anna næring som er så prisgitt ver og føre som bøndene. Vidare gjorde han ein særs god jobb med å lose forsamlinga gjennom dagen. Først ut var to inspirasjonsbønder som skulle snakke om sitt bidrag til auka sjølvforsyning.

Mitt bidrag til auka sjølvforsyning

Vibeke Evensen frå Sykkylven driv eit lite bruk i Velledalen med blant anna grønsaksproduksjon og utegris. Ho var blant dei første i landet til å starte med andelslandbruk i 2012. Sidan den gong har ho dyrka fram eit variert utval grønsaker som ho leverer til Reko-ringen, restaurantar og andre gjennom faste grønnsaksabonnement. Ho kunne også fortelje, med humor og sjølvinnsikt, om ein del andre produksjonar som har hatt meir eller mindre suksess. Frå hønemobil, frilandsgris og ysting av eigen ost til ender, gjess og gamalnorsk spælsau. Ho trakk fram viktigheita av lokal beredskap og av å ha fleire bein stå på i ei ustabil verd.

Gulrotproduksjon på Smøla

Neste inspirasjonsbonde var Ole Wegard Iversen frå Smøla. Han driv med ammeku og gulrotdyrking. Etter gardsbrann i 2008 måtte han og familien ta eit aktivt val om korleis drifte familiegarden vidare. Dei landa på å bygge ny, stor og moderne fjøs for ammeku, og å drive med gras og gulrotproduksjon på dei 1 500 daa som han driftar. Store areal tillet han å drive med vekstskifte for å unngå å utarme jorda. Ideelt går det 6 år mellom kvar gong eit skifte brukast til gulrot. I tillegg er han oppteken av å ha kontroll på dei parametrane ein kan ha kontroll på, som kvalitet på husdyrgjødsla, næringsinnhald i jorda og direktesåing tidleg i sesongen. Han har valt å ikkje eige mykje traktorar og utstyr, men heller leige inn hjelp i periodar der det trengs. Elles er felles pakkeri for gulrot ein styrke. Og han er flink å bruke det gode rådgivningsapparatet. Gulrotbøndene i området har også eit godt nettverk og stør seg på kvarandre for råd og kunnskap. I oppstarten av sesongen har dei markvandring kvar veke. Han trekk fram familielandbruket som ein styrke, spesielt med tanke på arbeidskraft i periodar.

Inspirasjonspris

Landbruksdirektør hos Statsforvaltaren, Frank Madsøy, delte ut Landbruksselskapet sin inspirasjonspris til ekteparet Hegelin Waldal og Audun Skjervøy. Madsøy uttalte at ekteparet fekk prisen fordi dei er gode representantar for landbruksnæringa. Dei produserer kvalitet og evnar å nytte både sine personlege eigenskapar og ressursane på garden på ein kreativ og inspirerande måte. Prisen er 10 000 kroner og eit kunstverk.

Landbruksselskapet i Møre og Romsdal er ein stiftelse som skal støtte positive tiltak i landbruket og bygdenæringane. Stiftelsen sitt styre er landbruksdirektøren hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, leiaren i Møre og Romsdal Bondelag, leiaren i Møre og Romsdal Bondelag, leiaren i Møre og Romsdal bonde- og småbrukarlag og ein representant frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Bilde av ekteparet Waldal og Skjervøy, som fekk  utdelt inspirasjonsprisen av Landbruksdirektør Frank Madsøy.
Ekteparet Waldal og Skjervøy får utdelt inspirasjonsprisen av Landbruksdirektør Frank Madsøy. Foto: Marie Teigland.

Kva betyr det å ha eit levande landbruk i heile Møre og Romsdal?

Christian Anton Smedshaug la fram tal og fakta om verdenssituasjonen. Og alt kokar ned til at kontinuerleg matproduksjon og jord i bruk er det viktigaste for norsk matvareberedskap. Ein tankevekkar er at dei største krisane verda har sett dei siste 40 åra er det ingen, verken samfunnsvitarar eller økonomar, som har klart å forutsjå.

Den norske bonden er i toppen av kostnadskjeda og på botnen av verdikjeda, og dette gjer forholdet mellom kostnads- og markedssida krevjande, sa Smedshaug. Likevel gjer Noreg det betre på marknadssida enn andre land i Europa. Dei landa som ikkje har klart å behalde foredlinga av råvarene innad i eige land, opplever no ein mykje større matinflasjon enn det vi gjer.

For landbruket i Møre og Romsdal er det viktig å halde på posisjonen som drøvtyggarfylke på grunn av dei naturgitte føresetnadane. Med lausdriftskravet i horisonten poengterer Smedshaug at det er større spenn mellom driftsforutsetningar innad i vår region enn i noko anna fylke. Investeringsmidlar vil vere heilt avgjerande her, som i resten av landet, for vidare satsing på melkebruk meiner Smedshaug.

Berekraftig matproduksjon på norske ressursar og premissar

Arne Bardalen frå NIBIO sette matproduksjon inn i den store samanhengen. Ved å legge til rette for gode matsystem - både lokalt, nasjonalt og globalt - vert nær samtlege av berekraftsmåla dekt.

Bardalen peika på ein del av dei utfordringane vi står ovanfor globalt gjennom klimaendringar, og då spesielt når det oppstår fleire samtidige «klimasjokk». Dei landa som baserer seg på import av matvarer importerer samstundes matusikkerheit. Mat og forsyning er i aktiv bruk som geopolitiske våpen verda rundt. Desto viktigare er det derfor å sikre mest mogeleg produksjon av mat til eiga befolkning, meiner han.

Berekraftig matproduksjon i Møre og Romsdal meiner Bardalen er å gjere det beste ut av dei naturgitte føresetnadane vi har. Og her manglar det ei heilheitleg forståing av kva norsk matsikkerheit betyr. Utviklinga av den norske matproduksjonen må setjast i ei global ramme og den må vise omsyn til alle aspekta ved berekraft: miljø, økonomi og sosiale forhold.

Bilde av Arne Bardalen fra Nibio (Norsk institutt for bioøkonomi) snakkar varmt om kor viktig matproduksjonen i Noreg er og vil vere i framtida.
Spesialrådgivar Arne Bardalen fra Nibio snakkar varmt om kor viktig matproduksjonen i Noreg er og vil vere i framtida Foto: Marie Teigland.

Politisk debatt

Siste del av konferansen var sett av til politisk debatt. Tor Jacob Solberg i Norsk Bonde- og småbrukarlag og Bjørn Gimming i Norges Bondelag starta med kvar sine innlegg om korleis bonden i Møre og Romsdal kan bidra til auka norsk sjølvforsyning. Solberg krev at talgunnlaget inn i forhandlingane med staten blir rette. Han meiner at bonden treng ei styrka sosial sikkerheit for å vere i stand til å bere børa med å ha ansvaret for matforsyninga vår. Gimming meiner at vi har ein jobb å gjere ut mot forbrukar for å få dei til å forstå kor viktig det er å velje norsk.- I tillegg trekte han fram 5 gode råd for god bondehelse og peika på kor viktig det er å støtte kvarandre og ta vare på eiga helse, fysisk som psykisk.

Debatten vidare spegla motsetningar i verdiane til dei ulike politiske partia inn i landbruksdebatten.  Dei som bidrog på vegne av dei ulike partia var Birgit Oline Kjerstad (SV), Jenny Klinge (Sp), Nils Kristen Sandtrøen (Ap), Helge Orten (H) og Geir A. Stenseth (FrP).

Bilde frå den politiske debatten, der faglaga og ulike politiske part var representert.
Politisk debatt til slutt, med faglaga og ulike politiske parti representerte. Foto: Brit Kari Eidseflot Hauger.