Made by Wood - Stopp 11 på Designers' Saturday

Christina Qvam Heggertveit er fylkesskogmeister i Møre og Romsdal og tredrivar i fylket. Trappa er produsert av Melby Snekkerverksted, laga av norsk eik frå Sørlandet. Materiala kjem frå sagbruket Vintereik AS. Foto: Statsforvalteren i Møre og Romsdal

Den 10. - 12. september vart det opna mange dører i Oslo for alle som ville sjå det siste og beste innan møblar, belysning, tekstil, kjøken og golv.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.10.2021

Designers’ Saturday er den største møteplassen for design- og interiørarkitektar i Noreg. Arrangementet hadde om lag 6 000 besøkande og 170 utstillarar. Hovudtema for utstillinga var «change». Vi vart utfordra til å sjå verdiskaping, ressursbruk og forbrukaransvar i lys av endringane vi er i, som vi har i vente og som vi må ta aktiv del i. 

Design og «high-end»

Fredag 10. september var fagdag. Her deltok Tredrivaren i Møre og Romsdal, Christina Qvam Heggertveit, med foredrag på Stopp 11 – Made by Wood. Made by Wood er eit designstudio for dei tre snekkarbedriftene Melby, Meling og Hamran. Deira spesialitet er treprodukt som er «skreddarsydd» for kunden sine behov. Dei siste åra har verksemdene utvikla produkt av norsk eik, skore på saga til Vintereik AS. I utstillinga fekk vi sjå trapper, kjøken, vindauge og dører laga av norsk eik frå Sørlandet.

Å utvikle «high-end»-produkt av norske treslag er eit mål for fleire. Mellom anna har Kystskogbruket som mål at det norske tømmeret skal bli betre utnytta lokalt. Spesielt gjeld dette dei treslaga som i dag ikkje vert nytta til anna enn bioenergi. Dersom treslaga kan nyttast i møbelproduksjon, vil verdien av dette tømmeret stige. Vi kan få nye, spanande verdikjeder med positive ringverknader for lokalsamfunna.

Kystskogbruket

Kystskogbruket er eit samarbeid mellom skog- og trenæringa, statsforvaltarar og fylkeskommuner i alle kystfylka. Herifrå deltok Tredrivaren frå Rogaland, Kristin Bryne-Sandvik og prosjektleiar Nord for FoU, innovasjon og trebruk, Camilla Bersvendsen. Målet med samarbeidet er å auke verdiskapinga frå skogbruket langs kysten av Noreg, sjølv om tredrivarprosjektet er landsdekkande, med Innovasjon Norge som koordinator og delfinansier. 

Møre og Romsdal sin tredrivar deltok på Designers’ Saturday som del av Kystskogbruket. Alle dei tre bedriftene i Made by Wood sorterer inn under Kystskogbruket sitt nedslagsfelt.

Hamran Snekkerverksted har produksjon av kjøken og interiør på Snartemo utanfor Lyngdal. Dei har ei lang historie og har vore i drift sidan 1930. Melby Snekkerverksted lagar trapper for kundar i inn- og utland. Dei held til på Eide, nord for Molde. Dette er også ei familiedrive verksemd med historie tilbake til 1950. Og sist, men ikkje minst, Meling, som starta som båtbyggeri på Kvitsøy på 1800-talet. No lagar dei skreddarsydde vindauge og dørar, med lang haldbarheit.

Bruk av tre – og det grøne skiftet

Kva ville tredrivaren i Møre og Romsdal at deltakarene på Stopp 11 skulle ta med heim frå fagdagen hos Made by Wood? Ho ville gje svar på nokre av dei spørsmåla som ofte kjem opp når ho oppmodar om auka bruk av tre. Kvifor er auka bruk av tre eit verkemiddel for å redusere klimagassutsleppa i Noreg? Kvifor kan ein påstå at tre er eit klimavenleg materiale? Korleis veit vi at tømmeret kjem frå berekraftig skogbruk? Og har vi nok skog til å dekke behova våre?

Tema for utstillinga var «change» - endring, og kva endring er vel meir imponerande enn at luft, vatn og sollys blir til tømmer og byggematerial? Samstundes vert karbon i lufta bunde i treverket. På den måten vert dette karbonet hindra i å ta del i drivhuseffekten. Om lag halvparten av treverket er karbon. Med dette i bakhovudet kan ein raskt rekne seg fram til at skogen si evne til å binde karbon og til å produsere byggematerial er noko vi MÅ nytte oss av i det grøne skiftet.

Mengda energi som vert nytta til å produsera trelast er lågare enn for tilsvarande mengde stål og betong. Ein kan dermed oppnå ein reduksjon i klimagassutslepp ved å erstatte ikkje-fornybare og klimakostbare byggjematerial med tre, der ein har teknisk høve til det. Vi ser nærare på kor mykje ein får av eit spesielt materiale for den same mengda CO2-ekvivalentar.

 Illustrasjon av kor mykje materiale ein «får for 70 g CO2-ekvivalentar».
Illustrasjon av kor mykje materiale ein «får for 70 g CO2-ekvivalentar». Foto: Bård Solem, Eggen arkitekter, 2019

1. Massivtre Splitkon 1000 cm3.

70 kg ekv/m³.

2. Limtre Moelven prosjektlimtre 935 cm3.

72 kg ekv/m³.

3. Betong armert B30 M60 Lavkarbon
B ikke resirk. armering 160 cm3.

440 kg ekv/m³. 

4. Stål (13-20 % resirkulert) 3,5 cm3.

2,62 kg ekv/kg.

5. Aluminium (ny alu.) 2,0 cm3.

13,0 kg ekv/kg.
Varierer fra 4-20 kg ekv/kg globalt.

6. Tegl (hulltegl) 200,0 cm3.

220 kg ekv/tonn.

 

Høgt miljøsertifisert tømmervolum

Tredrivaren nytta dessutan sjansen til å fortelje om avskoginga som starta på1600-talet og om skogreisinga etter andre verdskrig. Ho fortalde at tømmervolumet har meir enn dobla seg dei siste 80 åra, og aukar stadig. For kystfylka finnast estimat som seier at voluma av hogstmode tømmer vil doble seg fram mot 2045. Samstundes må skogeigarar kjenne ansvar for god skogforvalting og andre naturverdiar enn tømmer. Vi skal nytte det fantastiske råstoffet skogen produserer, men like viktig er det at vi held i hevd den artsrike naturskogen, der høg alder, daud ved, store dimensjonar og kontinuitet er viktig for mange artar.

I Noreg er så godt som all hogst miljøsertifisert, medan på verdsbasis er berre 13 prosent av tømmerproduksjonen sertifisert. Er ikkje dette enda ein god grunn for å etterspørje norske, lokalproduserte og kortreiste byggjematerial?

Kvalitet og helsegevinst

Av omsyn til skogen og ressursgrunnlaget er det også viktig å vere medvitne i materialbruk og materialval. Kvalitetsprodukt av gode material har ofte lang levetid. Vakre møblar og innretningar tek vi lettare vare på og let dei kanskje gå i arv når det er mogeleg.

Naturmaterial rundt oss, og inne i bygningar, ser ut til å ha gunstig verknad på helsa vår. Slike tema vart også nemnt under programmet på Stopp 11 hos Made by Wood.

På søndagens program deltok ein anna trebasert bedrift frå Møre og Romsdal under TALKS på Nasjonalmuseet, stoppestad 12. Her deltok Pål Lunner, gründer og dagleg leiar i Fjordfiesta som lagar møblar med norsk design. Fjordfiesta har utstrekt bruk av tre og tydelege ambisjonar for lang levetid på produkta. Pål Lunner deltok saman med Jan Christian, CEO i Vestre. Dei diskuterte og utdjupa "The Big Plus - Mer bærekraftig enn bare seg selv" – med høve for sirkulære løysingar med norsk design, der økonomiske, økologiske og sosiale verdiar er del av verdiskapinga.