Konferansen "Bonden trengs"

Frå Øvre Sunndal i Sunndal kommune
Frå Øvre Sunndal i Sunndal kommune Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Bondelaget, bonde- og småbrukarlaget og fylkesmannen inviterer til konferansen "Bonden trengs" 4. mars i Molde. Konferansen har eit variert program med innslag frå både forskarar, rådgivarar, politikarar og bønder.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.02.2016

Programleiar i TV 2, Gaute Grøtta Grav, er konferansier. Han vil også innleie om kvifor landbruk på TV er så populært. To styremedlemer i Norges Bondelag og Norsk Bonde- og småbrukarlag, Arnstein Røyneberg og Oddvar Vigdenes, vil ta for seg aktuelle landbrukspolitiske tema. Tre bønder vil fortelje om eiga drift - Marte Halvorsen, Eystein Opdøl og Magnhild Vik.

"Korleis auke matproduksjonen i Møre og Romsdal"? er utfordringa som Rose Bergslid, Sverre Heggset og Christian Anton Smedshaug har fått. Desse tre arbeider innan forsking og rådgiving og vil belyse temaet frå sin ståstad. Til slutt vil politikarar frå ulike parti diskutere kva som skal til for å motivere bønder til innsats og rekruttere ungdom inn i næringa.  

Påmelding til more.romsdal@bondelaget.no eller guroamundsen@gmail.com.