Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har eit sterkt engasjement for Inn på tunet.

Trond Hide og Bente Krumsvik Hide fortel Olaug Bollestad om Inn på tunet-tilbodet på Bøen gard.
Trond Hide og Bente Krumsvik Hide fortel Olaug Bollestad om Inn på tunet-tilbodet på Bøen gard. Foto: Brit Kari Eidseflot Hauger.

– Inn på tunet formidlar omsorg på ein litt annan måte, sa Bollestad under eit besøk på Bøen gard på Sunnmøre. Her fekk statsråden ei orientering om status for pilotprosjektet i Inn på tunet-løftet i Møre og Romsdal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.08.2021

Inn på tunet-tilbydarane Bente Krumsvik Hide og Trond Hide var vertskap for Olaug Bollestad då ho nyleg besøkte Møre og Romsdal. Dei driv Bøen gard i Gjerdsvika i Sande kommune med Inn på tunet-tilbod, sauer og gardsmatproduksjon.

Bollestad uttalte at ho har eit sterkt engasjement for Inn på tunet:

– Det er å byggje heile folk som er viktig, og det er det eg synest er så fantastisk med Inn på tunet. Og så handlar det om å tenkje omsorg på ein litt annan måte. Vi vil aldri kunne klare omsorgstrappa vår, frå barn og unge, og heilt opp til eldre, ved å byggje alle omsorgstilboda i institusjonar.

Inn på tunet-løftet i Møre og Romsdal

Bollestad har forventningar til pilotprosjekta som no vert gjennomført som del av Inn på tunet-løftet. Det var difor ein lydhør statsråd som fekk ei orientering om status for prosjektet i Møre og Romsdal av assisterande landbruksdirektør Brit Kari Eidseflot Hauger.

Brit Kari Eidseflot Hauger orienterer Bollestad om Inn på tunet-prosjektet i Møre og Romsdal. Foto: Josefine Spiro, Vestlandsnytt.

Meir om Inn på tunet tilbodet til Bøen gard og besøket av landbruks- og matministeren finnast her ...