Fleire nye biovarmeanlegg i Møre og Romsdal

Foto: Statsforvalteren i Møre og Romsdal

Frå 2016 til i dag har totalt 17 føretak i Møre og Romsdal fått støtte frå Innovasjon Norge gjennom bioenergiprogrammet. Her er støtte til gardsvarmeanlegg, anlegg for varmesal, varmeanlegg for veksthus, biogassproduksjon, lager- og tørkeanlegg for brenselsflis, konsulenthjelp til forstudiar, forprosjekt og utrekningar og kompetanse- og informasjonstiltak

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.11.2021

Sagbruk på flisfyring

Bøfjorden Sag og Solem Sag, begge i Surnadal kommune, installerte ETA flisfyringsanlegg hausten 2018. Begge har ein kjel på 500kW.  Bøfjorden har 7000 liter akkumulatortank og Solem har 8000 liter. Sagbruka brukar flisfyringsanlegget til å varme opp kontor, produksjonshall og til oppvarming av tilluft til materialtørkeanlegg. På Solem Sag blir det i tillegg seld varme til to bustadhus på naboeigedomen.

Sagbruka hadde ganske like behov og årsaker til å vurdere flisfyringsanlegg. Viktige moment var høge kostnader til straum og behov for modernisering av materialtørkene. Dei samarbeidde i planleggingsfasen og brukte Solli Bioenergi til berekning av varmebehov og søknadsskriving. Begge sagbruka fekk støtte frå Innovasjon Norge gjennom bioenergiprogrammet.

Felles er at det blei bygd nytt hus til fyrrom og flissilo med sirkelmatar på tomta til sagbruket. Sagbruka produserer fyringsflis til eigen produksjon, i hovudsak frå kanting og kapp frå tørka material ved hjelp av ein skrueflishuggar som gir homogen masse med lite finstoff.

ETA har stått for installering av fyringsanlegga og både Solem og Bøfjorden er veldig godt fornøgd med anlegga. Solem sag opplyser at de har halvert straumkostnadene etter at dei starta flisfyringsanlegget.

Flisfyring i Sunndal

I Sunndal kommune installerte Sigbjørn Drøpping flisfyringsanlegg frå ETA på 50kW og 1100 liter akkumulatortank hausten 2017. Til planlegging av anlegget vart det nytta rådgiving frå forskar Ingvar Kvande ved NORSØK.  Anlegget gir varme og tappevatn til hovudhuset og kårhuset og skal og gi varme i gardsverkstaden og tappevatn i ammekufjøset. På grunn av omfattande oppgradering av hovudhuset vart det lagt vannbåren golvvarme og sett inn radiatorar. Det vart gravd til saman 170 meter med kulvertrør frå fyrrommet. Innovasjon Norge gav støtte på 251000, 35 prosent av kostnadsoverslaget. I hovudsak er det nytta eksisterande bygningsmasse til fyrrom og flissilo. Flissiloen er på om lag 100 m3 og rommar årsforbruket for flis. Flisa blir produsert av lauvtrevirke frå åkerkantar og beiterydding og av bakved frå gardssaga. Virke blir felt på vinteren og tørkar ute utan overdekning over sommaren før det blir flisa av innleigd entreprenør. På den måten blir det nytta ein lågverdig ressurs som ikkje var i nokon verdikjede tidlegare, men som no gir varme til heile garden.

Både flis og biogass på Tingvoll

Gjennom forskingsprosjektet «Auka bruk av gardsvarme» har forskar Ingvar Kvande ved NORSØK bidratt til auka kunnskap og interesse for fornybar energi på gardsbruk gjennom foredrag og fagdagar. Prosjektet har bidratt til at fleire flisfyringsanlegg og solenergianlegg har vorte bygd. Det har også ført til prosjektering og utbygging av biogassanlegg.  Tingvoll er ein unik plass i Norges fordi  her kan ein vise fram fullskala flisfyringsanlegg, biogassanlegg, solcelleanlegg og solfangarar.

Artikkelen er skrevet i samarbeid med NORSØK.