Bærbedrift fekk årets bygdeutviklingspris

Skåla Bær AS i Molde er tildelt Bygdeutviklingsprisen 2015 i Møre og Romsdal. Prisen er på 50 000 kroner. I tillegg går Skåla Bær vidare i konkurransen om den nasjonale bygdeutviklingsprisen. Prisen vart delt ut under Dyregoddagane i Batnfjorden i starten av september 2015.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.10.2015

Det er regionstyret for Innovasjon Norge i Møre og Romsdal som er jury for prisen. Juryen gir følgande grunngjeving for årets pristildeling til Skåla Bær AS:
«Årets vinner har hatt ein jamn omsetningsvekst dei siste fem åra. Pr dato sysselset dei 2,5 årsverk gjennom heile året. I tillegg engasjerer dei ekstrahjelp om sommaren, både utanlandsk arbeidskraft og skuleungdom. Vinnaren er ein god representant for sosial og miljømessig berekraft gjennom utnytting av lokale ressursar og fortrinn som skaper ringverknader i lokalsamfunnet.

Vinnaren står for nyskaping og originalitet gjennom å eksperimentere med ulike dyrkingsmåtar, og har lykkast med å forlenge sesongen mykje. Dei kan dermed ta ut ein meirpris i marknaden, ha betre kontroll på sjukdomssituasjonen, redusere bruk av plantevernmiddel og kan utnytte «sekunda vare» til produksjon av ferdige produkt.

Prisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for bedrifter eller personar som har etablert ei vellykka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar. Formålet med prisen er blant anna å synleggjere gode resultat frå landbruksrelatert næringsutvikling. I kvart fylke blir det kåra ein fylkesvinnar og desse konkurrerer så om den nasjonale prisen.

Kandidatane blir vurderte etter følgande kriterium:

  • Økonomisk resultat/lønsemd
  • Sysselsetjing, særleg for kvinner og ungdom
  • Sosial og miljømessig berekraft, herunder utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet
  • Nyskaping/originalitet

Det blir kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Fylkesvinnarane deltek i tillegg i den nasjonale konkurransen.

Bilde: Direktør Bodil Hollingsæter delte ut BU-prisen 2015 til Skåla Bær ved dagleg leiar Andreas Torhus.