Klimasmarte landbruksbygg

Godt inneklima og god dyrevelferd i nytt fjøs i tre til mjølkeku på Søndre Lundem, Svindal.
Godt inneklima og god dyrevelferd i nytt fjøs i tre til mjølkeku på Søndre Lundem, Svindal. Foto: Trygve Bore, Fjøssystemer.

Saman med Statsforvaltaren i Vestland og Trefokus AS har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal laga ein rettleiar for klimasmarte landbruksbygg.

Publisert 19.04.2022

Rettleiaren er laga for gardbrukarar som planlegg rehabilitering eller nybygg av driftsbygningar på garden. Rådgjevarar, entreprenørar og leverandørar av trebaserte løysingar kan også ha nytte av han. Fokuset er retta mot val av byggematerial, særleg trevirke. 

Godt kunnskapsgrunnlag

Klimakalkulatoren for landbruket reknar ikkje med investeringar på garden, som ei ny driftsbygning. Bygg stå likevel for ein stor del av klimagassutsleppa og landbruksbygg er ikkje noko unntak. Derfor er det viktig å få ein god rettleiar for klimasmarte bygg i landbruket.

I vårt fylke ser vi at endringar til krav til husdyrhald og generasjonsskifte på gardane vil innebere at mange bønder bygger nye eller rehabiliterer driftsbygg. Med denne rettleiaren vil vi gi bønder eit godt kunnskapsgrunnlag for investeringar og planlegging av landbruksbygg.  

Mange gode eksempel

Som del av arbeidet med rettleiaren har vi samla eksempel på ferdige byggeprosjekt og intervju med gardbrukarar som gjerne deler si erfaring. Desse eksempla frå ei god samling av landbruksbygg, for ulike føremål, storleikar og byggjeteknikkar, er lagt ut på Trefokus AS sine nettsider. Dei har alle utstrekt bruk av trevirke i konstruksjonen. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.