Utbetaling av produksjonstilskot i 2022

Sau på beite i Bjørdalen.
Sau på beite i Bjørdalen. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

I midten av februar vart produksjonstilskotet og avløysartilskotet for i år utbetalt. Dette er basert på søknadsomgangen 2021.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.04.2022

Kvart år søker jordbruksføretaka om produksjonstilskot og avløysartilskot. Det skjer i ein del 1 i mars og ein del 2 i oktober. Registreringane i desse søknadane dannar grunnlag for utbetaling i februar det komande året.

For søknadsomgangen 2021 er det betalt ut til saman om lag 753 mill. kroner til 2351 føretak. Utbetalinga skjedde i februar i år. Det var til saman 2387 føretak som søkte. Talet tilsvarer ein nedgang i tal bruk på ca. 30 samanlikna med året før. Samla tilskot auka med ca. 56 mill. kroner.

Talet på føretak med mjølkekyr er no nede på 661. Det er 371 føretak med ammekyr og 1054 føretak med sau. I tal er dette dei dominerande produksjonane her i fylket saman med tilhøyrande grovfôrproduksjon. Tilsvarande tal for året før var 678 føretak med mjølkekyr, 370 føretak med ammekyr og 1059 føretak med sau. Dette betyr nedgang i talet på mjølkebruk, men stabilt for ammeku- og sauebruk.

Over tid har det vore ein trend at talet på både mjølkeprodusentar og mjølkekyr har gått ned. Siste året har talet på mjølkekyr faktisk gått opp litt, men det er ikkje grunnlag for å seie at vi ser ein ny trend. Talet på ammekyr har nesten dobla seg dei siste 20 åra. Vi ser fortsatt vekst, men veldig moderat samanlikna med den vekstraten vi har hatt. Talet på sau har svinga litt, men hovudtrenden er at det har vore relativt stabilt.

Kontaktpersoner