Produksjonstilskot utbetalt

Frå Øvre Sunndal i Sunndal kommune
Frå Øvre Sunndal i Sunndal kommune Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Fredag 5. februar vart produksjonstilskot utbetalt til føretak som søkte per 20. august 2015.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.02.2016

Produksjonstilskotet vart overført til føretak som hadde ein ferdig behandla og godkjent søknad. Informasjon om utbetalinga kan kvart enkelt føretak hente i innboksen sin i www.altinn.no.  Det vart også sendt ut varsel på mobil og epost. Nokre føretak har ikkje gitt opp verken epost eller mobilnummer, og desse fekk tilskotsbrevet tilsendt i posten. Nokre få søknader har av ulike årsaker ikkje blitt ferdig behandla. Kommunen vil behandle desse innan kort tid.

Føretaka må sjekke om dei har fått utbetalinga, og dei må sjå etter at utrekninga er rett. Klagefristen er 3 veker frå tilskotsbrevet er motteke. Føretak som klagar på utbetaling etter at klagefristen er utgått, kan ikkje rekne med å få klagen behandla.

Kommunen har meir informasjon om produksjonstilskotet og behandling av søknadene. Spørsmål om konkrete saker skal derfor rettast til kommunen der driftssenteret er plassert.

Utbetalinga med søknadsfrist 20. august gjeld desse tilskota:

  • Arealtilskot
  • kulturlandskapstilskot
  • omleggingstilskot til økologisk landbruk
  • arealtilskot til økologisk landbruk
  • tilskot til dyr på utmarksbeite
  • tilskot til dyr på beite
  • tilskot til husdyr
  • tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • driftstilskot til spesialisert kjøttfeproduksjon

Kompensasjon for bortfall av produksjonstilskot til føretak som deltek i tiltaket «Friskare geiter» vil bli utbetalt så snart råd er.

Produksjonstilskot er eit samlebegrep for fleire tilskot, m.a. dei som er lista opp ovafor. Formålet med produksjonstilskot er å bidra til et aktivt og berekraftig jordbruk innafor dei målsettingar Stortinget har trekt opp.

Du kan finne meir informasjon om produksjonstilskot på www.landbruksdirektoratet.no, under Produksjon og marked, eller ved å klikke her