Produksjonstilskot – ny søknadsomgang i august

Vi er inne i ei travel årstid, der grunnlaget for kommande haust og vinter blir lagt. Midt i denne perioden er det ny søknadsomgang for produksjonstilskot. I augustomgangen er det dyretal, dyr på beite, areal og planteproduksjon som er søknadsgrunnlag.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.05.2016

Registreringsdato

Registreringsdato (teljedato) er 31. juli. Det er dei dyr og det areal og den planteproduksjon som føretaket disponerer på denne datoen det kan søkjast om tilskot til. Søknadsfristen er 20. august, og det er kommunane som behandlar søknadene om produksjonstilskot.

Eigar- og brukarskifte er ofte årsak til at det blir problem, når du skal søkje om produksjonstilskot. Særleg gjeld det dersom brukarskiftet kjem nær opptil registreringsdato. Dersom du planlegg brukarskifte i løpet av sommaren, er det avgjerande at det nye føretaket er registrert i Brønnøysundregistra før søknadsfristen. Det er òg viktig å vere merksam på at eit føretak som fører opp mjølkekyr på sin søknad, også må ha mjølkekvote registrert på sitt føretak på registreringsdatoen.

Gjødslingsplan

Gjødslingsplan er ikkje eit absolutt krav for å motta produksjonstilskot, men manglande gjødslingsplan vil medføre betydeleg avkorting av tilskotet. Det er eigne reglar som gjeld for gjødslingsplanar. Ikkje alle må ha ny plan for kvart år. Særleg ved brukarskifte eller dersom ein leiger nytt areal, må du undersøke om det allereie finst gjødslingsplan som dekker bruket eller arealet, og så få overtatt denne, eller oppdatert din eigen.

Kontakt landbruksforvaltninga i din kommune, for å avklare konkrete spørsmål knytt til søknad om produksjonstilskot.