Fagdagar for lokalmatprodusentar
- Dato:
- 14. mars 2023 - 15. mars 2023
- Stad:
- Storfjord Kulturhus på Stranda i Møre og Romsdal
- Arrangør:
- Kompetansenettverk for lokalmat i samarbeid med Statsforvalteren i MR, Møre og Romsdal Fylkeskommune, Innovasjon Norge, Hanen og Norsk Seterkultur.
- Målgruppe:
- Lokalmatprodusentar, serveringsbedrifter og tilbydarar av lokalmat
- Påmeldingsfrist:
- 6. mars 2023 23:00

No er det endeleg duka for fagsamling om lokalmat igjen. Er du lokalmatprodusent eller tilbydar av lokalmat, så sett av datoane 14. og 15. mars, for det er då det skjer! Obs: Ny frist for påmelding 6.mars!
MR-mat arrangerast i samarbeid med kompetansenettverket for lokalmat - Matnavet Mære. Tradisjonen tru vekslar gjennomføringsstaden frå sør til nord i fylket for å sikre geografisk spreiing. I 2023 er det Stranda som er staden!
Fagdagane går over to dagar og er delt i to delar. Ein fellesdel med tema berekraft og utvikling, og ein fagspesifikk del med kurs innanfor ulike handverk: baking, kjøttnedskjæring, fermentering, ysting og eit kurs til deg som driv serveringsverksemd basert på lokale råvarer! Ein kan velje å vere med på konferanse, fagkurs eller begge.
Meir om både program og enkeltkurs finn du her