Vi bryr oss – felles innsats mot vold i nære relasjoner

Dato:
24. november 2021 09.00 - 15.00
Sted:
Direktesending, Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Møre og Romsdal idrettskrets og Molde kommune
Målgruppe:
Kommunalt tilsette som jobbar med folkehelse, tilsette i barnehage, barnevern, skole, frivillige organisasjonar, frisklivsentralar, frivilligsentralar, helse- og omsorg sektoren og andre offentlege tilsette og interesserte.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterar til digital folkehelsekonferanse

Publisert 12.08.2021

Vald i nære relasjonar er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem og viktig satsingsområde, som mange kommunar i Møre og Romsdal har jobba systematisk med dei siste åra mellom anna med utarbeiding av eigne handlingsplanar. Arbeidet med å førebygge vald i nære relasjonar krev brei tverrfagleg tilnærming. 

Sidan dette område treng tverrfagleg innsats vil vi oppfordre kommunen til tverrfagleg deltaking. I tillegg vil vi prøve ut ein arbeidsmetode der vi utfordrar kommunane om å ta del i samlinga på felles møterom, om det lar seg gjere. Bakgrunnen for det er at vi i programmet legg opp til felles diskusjonar om utfordringar i eigen kommune i pausane. Einingsleiarar i kommunane har fått eige brev om dette, der vi ber dei legge til rette for dette.

Tid: 24. november 2021 09:00 - 15:00

Stad: Direktesending, Teams

Målgruppe: kommunalt tilsette som jobbar med folkehelse, tilsette i barnehage, barnevern, skole, frivillige organisasjonar, frisklivsentralar, frivilligsentralar, helse- og omsorg sektoren og andre offentlege tilsette og interesserte.

Økonomi: Konferansen er digital, det er ikkje kursavgift.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 18. november  Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til sfmrkurs@statsforvalteren.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 85 11.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

 

Påmelding

Dato:
24. november 2021 09.00 - 15.00
Sted:
Direktesending, Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Møre og Romsdal idrettskrets og Molde kommune
Målgruppe:
Kommunalt tilsette som jobbar med folkehelse, tilsette i barnehage, barnevern, skole, frivillige organisasjonar, frisklivsentralar, frivilligsentralar, helse- og omsorg sektoren og andre offentlege tilsette og interesserte.