Grensejusteringar i samband med kommunereformen

Fylkesmannen er av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, bedt om å utgreie søknadar om grensejusteringar som involverar kommunane Norddal, Gjemnes, Sandøy, Stranda, Molde og Aukra, samt nye Fjord kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.10.2017

I samband med dette sender vi ut infoskriv om grensejusteringar til dei aktuelle kommunane.

Søknadane som skal behandlast:

  • Norddal og Eidsdal i Norddal kommune – søker seg til Stranda kommune
  • Indre Gjemnes i Gjemnes kommune – søker seg til Nye Molde kommune
  • Ona, Orta og Sandøy i Sandøy kommune – søker seg til Aukra kommune 
  • KMD ber i tillegg Fylkesmannen utgreie Liabygda i Stranda kommune – om evt. ei grensejustering til Nye Fjord kommune

Vi har i tillegg motteke søknad datert 25.09. 2017 frå innbyggarar i Bjørke/Viddal i Ørsta kommune som ynskjer grensejustering til Nye Volda kommune. Vi finn det difor tenleg at søkar frå Bjørke/Viddal og involverte kommunar også mottek dette infoskrivet.  

INFO-skrivet er det spesielt fokus på saksgang ved utgreiing av grensejustering:

  1. Litt om initiativrett, søknad, oversending av søknad og fullmakt til å gjere vedtak
  2. Oppdrag om utgreiing av grensejustering
    1. Innhenting av faktagrunnlag
    2. Fylkesmannen si tilråding
    3. Dialog med søker og aktuelle kommunar
    4. Supplering av faktagrunnlag
    5. Innbyggarhøyring
    6. Uttale frå involverte kommunar