Vilkår for hjelp i heimen

Kommunen må gi hjelp i heimen til dei som treng det, men kan ta omsyn til ressursane og stille visse vilkår.

Publisert 14.12.2022, Sist endret 20.02.2024

Kommunen har plikt til å gi hjelp i heimen også til dei som treng omfattande hjelp. Det vert utdjupa i eit brev frå Helsedirektoratet. Om det vert vanskeleg å skaffe kvalifisert personell, må kommunen dokumentere at dei har forsøkt å rekruttere over tid og har gjort «det som med rimelighet kan kreves». Dei tilsette har krav på eit godt arbeidsmiljø også i private heimar, og her vert det slått fast at det er arbeidsgivar som har den plikta. Det kan stillast nokre vilkår også til den som får hjelpa.

Om den som treng hjelp ikkje er samtykkekompetent og ikkje motsett seg å flytte, kan kommunen tilby bistand ein annan stad, til dømes ved å tilby omsorgsbustad.Det forutsett at brukar og pårørande får medverke i prosessen.

Sjå lenka i høgremargen.