Digital statsborgarseremoni 2021

Også i 2021 vert statsborgarseremonien i Møre og Romsdal digital. Seremonien vart tatt opp i fjor, og er noko redigert. Statsforvaltaren kjem med ei helsing til deg som fekk statsborgarskap i 2020 før seremonien startar.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.08.2021

Den digitale statsborgarseremonien erstattar den fysiske. Vi held talar og har musikalske innslag slik vi ville gjort i ein vanleg seremoni.

Medverkande i seremonien er:

  • Rigmor Brøste, statsforvaltar
  • Berit Brendskag Lied, ass. statsforvaltar
  • Heidi-Iren Wedlog Olsen, fylkeskultursjef
  • Maria Holand Tøsse, Artist
  • Kor, Det Norske Solistkor v/dirigent Grete Pedersen