Fleire har rett til fri hjelp frå advokat

Frå 1. januar 2022 vart inntektsgrensa for fri rettshjelp auka til 320.000 kroner for einslege og til 490.000 kroner i samla inntekt for ektefellar og sambuarar.

Publisert 07.02.2022

Ordninga med fri rettshjelp inneber at det offentlege kan dekkje det meste av advokatgiftene dine i ei sak. Hjelpa vert ytt av lokale advokatar i fylket. Før du kontaktar advokat, kan du få ei vurdering av Statsforvaltaren av om du har rett til fri rettshjelp.

Samla skattbar bruttoinntekt bestemmer

Det er din samla skattbare bruttoinntekt per år som bestemmer om du har rett på fri rettshjelp eller ikkje. Arbeidsinntekt og trygdeytingar vert lagt saman i utrekninga.

I dei fleste sakene må du som får fri rettshjelp betale ein eigendel på 1121 kroner.

I kva typar saker kan du få fri rettshjelp?

Døme på saker der du kan få fri rettshjelp, er familiesaker, visse typar klagesaker til Nav, erstatning for personskade, oppseiing/utkasting frå bustad eller oppseiing i arbeidsforhold. Du kan også få fri rettshjelp dersom du søkjer om valdsoffererstatning. Også i andre saker er det unntaksvis mogleg å få fri rettshjelp. Dersom du har forsikring som dekkjer utgifter til juridisk hjelp, vil du som regel ikkje få fri rettshjelp.

Meir informasjon om kva sakstypar ordninga med fri rettshjelp gjeld for, og kva søknadsskjema du skal bruke finn du her … og på www.rettsraad.no.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.