Fri rettshjelp er advokathjelp som heilt eller delvis blir dekt av staten. Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og fri sakførsel. Fritt rettsråd er rettleiing og hjelp i juridiske spørsmål utanfor rettargang. Fri sakførsel er rettshjelp i saker som går for domstolane.
I kva typar saker kan du få fri rettshjelp?
Døme på saker der du kan få fri rettshjelp, er familiesaker, visse typar klagesaker til Nav, erstatning for personskade, oppseiing/utkasting frå bustad eller oppseiing i arbeidsforhold. Du kan også få fri rettshjelp dersom du søkjer om valdsoffererstatning. Også i andre saker er det unntaksvis mogleg å få fri rettshjelp. Dersom du har forsikring som dekkjer utgifter til juridisk hjelp, vil du som regel ikkje få fri rettshjelp.
Inntekts- og formuesgrense
For å få fri rettshjelp må du ha ei bruttoinntekt som ligg under inntektsgrensene i rettshjelplova. Frå januar 2023 er inntektsgrensa for einslege 350 000 kroner, og grensa for ektefeller og sambuarar er 540 000 kroner. Formuesgrensa er 150 000 kroner. Statsforvaltaren og domstolane kan i visse tilfelle gjere unntak frå reglane om inntekts- og formuesgrenser.
Uavhengig av kva du har i inntekt og formue kan du få fri rettshjelp
- i barnevernssaker for barneverns- og helsenemnda (tidlegare fylkesnemnda)
- i saker for Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern og rettssaker om utskriving frå tvangspålagt psykisk helsevern
- i saker om militærnekting
- i saker om tvangsekteskap
- i saker der eit valdsoffer krev erstatning frå gjerningsmannen
- i saker om erstatning for ugrunna straffeforfølging
- for å vurdere melding i samband med valdtekt
- for å vurdere melding i sak om menneskehandel
- i saker om NAVs feilaktige praktisering av EUs trygdeforordning
Eigendel
Dersom du får fri rettshjelp, skal du som hovudregel betale ein eigendel av hjelpa. Det er ingen eigendel i saker der fri rettshjelp blir gitt uavhengig av inntekt. Dersom du har ei bruttoinntekt på meir enn 100 000 kroner, må du betale ein eigendel for fri rettshjelp i saker med økonomisk behovsprøving.
Eigendelen i behovsprøvde saker er éin gong den offentlege salærsatsen (som frå januar 2023 er 1140 kroner). I saker med fri sakførsel utgjer eigendelen 25 prosent av utgiftene (maks åtte gonger salærsatsen). Det er advokaten som krev inn eigendelen.
Fri rettshjelp i utlandet
Alle søknader om fri rettshjelp i utlandet blir behandla av Statsforvaltaren i Oslo og Viken.