Lærekandidatordninga

Lærekandidat er ei ordning for dei som ynskjer vidaregåande opplæring i bedrift, men som ikkje har føresetnader for å nå krava til fag- og sveineprøva.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.01.2022

Desse kandidatane får individuelt tilpassa opplæring i utvalde delar av læreplanen. Lærekandidat er ein grunnkompetanse, som kan byggast vidare til yrkeskompetanse. Grunnkompetansen skal rette seg mot eit reelt behov i arbeidslivet og gi grunnlag for varig arbeid. Ordninga gjeld både for ungdom og vaksne. Opplæringa vert avslutta ved at lærekandidaten går opp til ei kompetanseprøve.

Les meir om dette i lenka til Utdanningsdirektoratet i høgremenyen.