Informasjon om korona

Det er ikkje lenger forskriftsfesta nasjonale gule og raude tiltaksnivå i barnehagar og skular.

Publisert 14.01.2022

Regjeringa opphever det forskriftsfesta nasjonale gule og raude tiltaksnivået som blei innført før jul.

Barnehagar og skular skal fortsatt drive smittevernfagleg forsvarleg, noko som betyr minimum grønt nivå. Om kommunen ut i frå den lokale stoda vurderer at det er naudsynt med eit høgare tiltaksnivå enn grønt, må dei beslutte dette lokalt.

Det er berre kommunen som har ansvaret for smittevernet i kommunen og som bestemmer tiltaksnivå. Det kan ikkje den einskilde offentlege eller private barnehage eller skule gjere.

Endringane trer i kraft frå og med midnatt natt til 15. januar, men regjeringa har forståing for at kommunar, barnehagar og skular vil trenge noko tid til å områ seg.

Meir informasjon finn du i høgremenyen.