Opne trussel- og risikovurderingar for 2023

Trussel- og risikovurderingane er i år prega av krigen i Ukraina, og ein fundamentalt endra relasjon mellom Russland og vestlege land, inkludert Noreg.
Her kan du lese meir om vurderingane til Etterretningstenesta, Politiets tryggingsteneste og Nasjonal tryggingsmynde. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.02.2023

Den 13. februar la Etterretningstenesta (E-tenesta), Politiets tryggingsteneste (PST) og Nasjonal tryggingsmynde (NSM) frem sine opne trussel- og risikovurderingar for 2023.

Det er viktig at vi kjenner til innhaldet i dei opne trussel- og risikovurderingane, og viser naudsynt aktsemd på jobb og privat.

Trussel- og risikovurderingane for 2023

Trussel- og risikovurderingane er i år prega av krigen i Ukraina, og ein fundamentalt endra relasjon mellom Russland og vestlege land, inkludert Noreg. Forsvarsminister Bjørn Arild Gram påpeikar at Russland sin invasjon av Ukraina har ført til ei meir uføreseieleg, farlegare og utrygg verd. Dette stiller høge krav til nasjonalt samarbeid om tryggleik og beredskap. Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl seier at vi må tenke gjennom eigen risiko, og vurdere eventuelle førebyggjande tiltak.

Fokus – ein ugradert trusselvurdering
(E-tenesta)

Kvart år gjev E-tenesta ut sin ugraderte trusselvurdering Fokus. Fokus er ein analyse av status og venta utvikling innanfor tema som E-tenesta vurderer som særleg relevant for norsk tryggleik og nasjonale interesser.

Den russiske invasjonen 24. februar 2022 er eit tidsskilje for Europa, og markerer eit varig brot med Vesten. Mykje handlar derfor om krigen i Ukraina og Russland i årets Fokus. Samtidig er det andre viktige utviklingstrekk som påverkar norsk tryggleik. Rivaliseringa mellom Kina og USA aukar, og Kina sin utvikling får i auka grad betyding for Noreg. Vidare viser det tragiske angrepet i Oslo i fjor sommar at trusselen frå ekstremistar er høgst reell.

Les rapporten til E-tenesta ... 

Nasjonal trusselvurdering (PST)

I nasjonal trusselvurdering gjer PST greie for trusselbiletet som det norske samfunnet står ovanfor i 2023. Vurderinga fokuserer på etterretningstrussel, terrortrussel og truslar mot myndigheitspersonar.

Russland sin krig i Ukraina påverkar trusselen frå russiske etterretningstenester i Noreg, medan etterretningstrusselen frå andre statar er stabil og prega av kontinuitet. Terrortrusselen vil kome frå fleire ekstremistretningar. PST vil at alle som les rapporten tek stilling til innhaldet og sjølv vurderer relevans og konsekvens for eiga verksemd opp mot verdiar som dei forvaltar.

Les rapporten til PST ...

Risiko 2023: Uføreseielege tider krev høgare beredskap (NSM)

Risiko 2023 skildrar korleis trusselaktørar kan utnytte sårbarheiter hos verksemder og i samfunnet, og kva risiko dette førar med seg.

Rapporten viser mellom anna at underleverandørar er eit svakt punkt for mange verksemder, og at framande aktørar prøver å kjøpe tilgang til viktig teknologi. Vidare framhevar rapporten målretta påverkingsoperasjonar med spreiing av desinformasjon. På sikt kan slik desinformasjon svekke tilliten vi har til kvarandre, til statlege institusjonar, og dermed skade vår politiske stabilitet i Noreg. NSM ber norske verksemder om å førebu seg betre og ha høgare beredskap.

Les rapporten til NSM ...

Felles presentasjon av trussel- og risikovurderingar

Sjå opptak av felles presentasjon av trussel- og risikovurderingane frå E-tenesta, PST og NSM den 13. februar. Forsvarsministeren og justis- og beredskapsministeren deltok på pressekonferansen.