Må ha meir kunnskap om støy før skuleplan kan godkjennast
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal meiner at Hustadvika kommune må vite meir om støyforholda før dei gir dispensasjon til midlertidig skole i Elnesvågvegen.
Også naturfare må formelt vere vurdert og dokumentert.
– Vi har varsla at vi vil vurdere å klage på avgjerda dersom kommunen gir dispensasjon utan at desse punkta er utgreidd og dokumenterte, seier Ulf Lucasen, underdirektør for plan hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Bør avklarast gjennom reguleringsplan – ikkje dispensasjon
Statsforvaltaren støttar kommunen si eiga vurdering om at bruksendring av Elnesvågvegen 112 til skole bør behandlast gjennom ein reguleringsplan.
Farleg støy?
– Bygget i Elnesvågvegen ligg delvis i både gul og raud støysone frå fylkesvegen. Klasserom er planlagt i den mest støyutsette delen av bygget. Vi meiner at støy må vere fullt utgreidd før kommunen tek stilling i saka, seier Lucasen.
Statsforvaltaren krev rapport, utrekningar og vurderingar for å sjekke om barna blir utsett for helseskadeleg støy dersom eigedomen blir tatt i bruk som skole.
Må vurdere naturfare
– Delar av det som er tenkt som skoleområde ligg i aktsemdsoner for både snøskred, jordskred og flaumskred. Også dokumentasjon på tilstrekkeleg tryggleik mot naturfare må vere på plass før kommunen vurderer dispensasjon, seier Lucasen.
Trafikktryggleik
Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune har også stilt seg kritiske til å gje dispensasjon i saka.
– Statens vegvesen ber mellom anna om at nærare analyser av trafikk, og at tryggleik for mjuke trafikantar og framkommelegheit blir betre belyst. Dette vurderer vi som særleg viktig når det gjeld etablering av ein grunnskule, seier Lucasen.
Kontaktpersonar
-
Ulf Lucasen
Tlf: 71 25 84 24