Ja til nytt vassbehandlingsanlegg i Moltudalen

Viser to store grønne "vannbasseng" i et landskap. Illustrasjonen er laget av KI.
Foto: Illustrasjon av planlagt anlegg, utarbeidd av Aurvoll og Furesund AS på vegne av Herøy vasslag.

Statsforvaltaren har stadfesta reguleringsplanen for Herøy vassverk. Planen legg til rette for eit nytt vassbehandlingsanlegg som skal sikre betre vasskvalitet for majoriteten av innbyggjarane i Herøy kommune. 

Publisert 12.06.2026

Vassbehandlingsanlegget skal plasserast i eit populært friluftsområde øvst i Moltudalen. Anlegget skal bruke eksisterande røyrsystem til å gje drikkevatn til 2800 abonnentar i ytre Herøy. Mattilsynet har avdekt at dagens vasskvalitet ikkje er tilfredsstillande og har pålagt vassverket å oppgradera anlegget.   

Stor motstand lokalt

Innbyggjarane på Moltustranda har klaga på reguleringsplanvedtaket. Dei meiner at saka ikkje er godt nok utgreidd, og peiker på manglar i risiko- og sårbarheitsanalysene, feil i fagrapportar og at ulempene knytt til negative landskapsverknader, naturmangfald, friluftsliv, jordvern og kulturminne er store. Dei meiner kommunen må etablere anlegget ein annan stad. 

– Statsforvaltaren har gått igjennom rapportane som ligg til grunn for planvedtaket. Vår konklusjon er at kunnskapsgrunnlaget er godt og i samsvar med dei utgreiingskrava som vert stilt i ein planprosess, seier seniorrådgivar Therese Småland.   

Avveging av ulike interesser

Etter plan- og bygningslova har kommunen som øvste lokale planmynde eit stort spelerom til korleis dei vel å bruke areala sine. Det er likevel avgjerande at dei har gjort ei konkret avveging av interesser i saka. 

– I denne saka har kommunen vurdert dei negative verknadane for landskap, friluftsliv og naturmangfald opp mot den store samfunnsmessige nytten som eit nytt vassbehandlingsanlegg har. At Mattilsynet har bedt om fortgang i arbeidet med planen, har også vore tungt vektlagt av kommunen. Dei har kome fram til at fordelane med vassanlegget er større enn ulempene her. Vi konkluderer med at planen er vedteken på bakgrunn av saklege og planfaglege vurderingar, og stadfestar vedtaket, avsluttar Småland. 
 

Kontaktpersonar