Avslår løyve til bubil-oppstilling ved Atlanterhavsvegen

Statsforvaltaren endrar Averøy kommune sitt vedtak. Atlanterhavsvegen Havstuer AS får ikkje lenger mellombels løyve til å stille opp bubilar på kommunen sin tomt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.04.2022

Averøy kommune har gjeve Atlanterhavsvegen Havstuer AS nytt mellombels løyve til oppstilling av bubilar på kommunens eigedom fram til ny reguleringsplan for området er ferdig. Naboar til bubiloppstillingsplassen har klaga på vedtaket til Statsforvaltaren.

Bustadområde

Det aktuelle området er i dagens reguleringsplan regulert til bustadformål. Kommunen har likevel gjennom snart 15 år gjeve ulike mellombelse løyve til å bruke den kommunale tomta til bubiloppstilling. I dag er området også brukt til eit kommunalt avløpsanlegg.

Førre dispensasjon frå arealføremålet vart stadfesta av Statsforvaltaren i februar 2020. Den var tidsavgrensa til to år. Kommunen har no gjeve ny mellombels dispensasjon utan nærare tidsavgrensing enn at den gjeld fram til ny reguleringsplan er vedteke.

Må vente på ny reguleringsplan

Statsforvaltaren har vurdert om dei to lovfesta vilkåra for å gje dispensasjon frå reguleringsplanen er oppfylte: At omsyna bak regelen det er søkt om dispensasjon frå ikkje blir vesentleg sett til side, og at fordelane ved dispensasjonen er klart større enn ulempene.

Statsforvaltaren la avgjerande vekt på at bruk av eit område med mellombelse dispensasjonar over eit langt tidsrom er uheldig. Spesielt gjeld dette der arealbruken er konfliktfylt og dispensasjon er gjeve utan ein klar sluttdato. I staden for å gje ein ny mellombels dispensasjon må Averøy kommune vente på at det påbegynte reguleringsarbeidet vert ferdig, og ikkje forskottere kva eit området vil bli regulert som. Det er gjennom ein reguleringsprosess at kommunen får eit betre grunnlag for å kunne gje ei heilskapleg vurdering av dei ulike interessene i området.

Statsforvaltaren kom etter dette til at eit dispensasjonsvedtak vil setje omsyna bak bustadformålet vesentleg til side. Vedtaket om ny mellombels dispensasjon til bubiloppstilling vart av den grunn endra til avslag.

 

Kontaktpersonar