Tilsyn ved skipsverft i Møre og Romsdal: Manglar i utsleppskontroll og internkontroll
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gjennomført ein større tilsynsaksjon ved skipsverft i fylket. Målet har vore å sjå til at verksemdene følger regelverket for utslepp og internkontroll etter forureiningsforskrifta kapittel 29.
– Det er avgjerande at verfta har god kontroll på utsleppa sine. Manglande oversikt over spylevatn og miljøgifter kan gi langvarige konsekvensar for både natur og helse, seier underdirektør Christian Dahl i forureiningsseksjonen hos Statsforvaltaren.
Kvifor er dette viktig?
Utslepp frå verft kan påverke både grunn, sjøbotn og det marine miljøet. Miljøgifter som hamnar i sjøen, samlar seg ofte i botnsedimenta. Derfrå kan dei lekke ut i vatnet, bli virvla opp eller takast opp av dyr og plantar. Når slike stoff går inn i næringskjeda, kan dei til slutt nå menneske gjennom maten vi et.
18 verft kontrollert
Frå november til april har Statsforvaltaren kontrollert 18 bedrifter over heile Møre og Romsdal. Alle er omfatta av forureiningsforskrifta kapittel 29, som regulerer forureining frå mekanisk overflatebehandling og vedlikehald av metallkonstruksjonar ved faste anlegg og skipsverft.
Manglar i utsleppskontroll
Fleire av verfta som slepper ut spylevatn til sjø, mangla oversikt over kva spylevatnet inneheld – sjølv om dette er eit krav i regelverket. Alle verft skal ha eit måleprogram for eigne utslepp.
– Verfta har eit stort ansvar for å hindre at miljøgifter hamnar i sjøen. Tilsyna viser at fleire må styrke både utsleppskontrollen og internkontrollen sin, seier Dahl.
Svak internkontroll
Tilsyna avdekte òg manglar i internkontrollen. Fleire verksemder hadde ikkje gjennomført miljørisikovurderingar, som er nødvendige for å kartleggje og redusere risiko for miljøskade. Andre vanlege avvik handla om avfallshandtering og mangelfull dokumentasjon knytt til utslepp.
– Vi ser at fleire verksemder manglar viktige rutinar for å følge regelverket. No er det viktig at avvika blir retta, slik at risikoen for forureining blir redusert, understrekar han.
Forbetringar etter tilsyn
Forureiningsforskrifta kapittel 29 har vore gjeldande sidan 2009, og verft som får avvik må rette opp forholda. Etter tilsynsaksjonen har fleire bedrifter meldt tilbake at dei har retta avvika eller starta arbeidet med å gjere det.
Målet er at verfta skal ha god kontroll på utsleppa sine og setje inn tiltak som reduserer forureininga mest mogleg.