Tar grep for å minske luktforureining

Veidekke skulle bygge inn sitt ferdigvareanlegg innan 31. oktober 2021. I slutten av september melde dei at dei ikkje har fått konkrete tilbod på jobben med å byggje inn anlegget sitt.
Veidekke skulle bygge inn sitt ferdigvareanlegg innan 31. oktober 2021. I slutten av september melde dei at dei ikkje har fått konkrete tilbod på jobben med å byggje inn anlegget sitt. Foto: Harald Oppedal, Wikimedia.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gitt Veidekke sitt asfaltverk på Husøya i Kristiansund ein frist for å stoppe utsleppet av asfaltlukt til luft.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.05.2021

Innbyggjarar i Kristiansund har kome med gjentatte klagar på asfaltlukt som dei meiner kjem frå asfaltproduksjon hos Veidekke industri.

– Etter tilsyn frå Statsforvaltaren, har Veidekke lagt fram ein tiltaksplan som viser korleis dei skal få bukt med luktplagane. Statsforvaltaren har pålagt verksemda å følgje opp denne planen, fortel Christian Dahl, fagleiar for forureining hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Veidekke skal byggje inn anlegget der dei produserer asfalt og montere ein luktreinsekonteinar. Det nye luftreinseanlegget skal vere i drift seinast 31. oktober 2021.

Store avvik
Sintef Norlab gjennomførde ein luktvurdering på anlegget på Husøya, i oppdrag frå Veidekke. Rapporten, som vart sendt til Statsforvaltaren tidleg haust i 2020, viste stor overskriding av luktgrensa som er sett i løyva frå Statsforvaltaren.

– Under tilsynet i november i fjor fann vi fleire avvik. Verksemda overheld ikkje luktkravet, og verken miljørisikovurderinga eller avvikshandteringssystemet er godt nok, fortel Dahl.

Gjer tiltak
Veidekke responderte på avvika, og Statsforvaltaren vurderte tilbakemeldinga som god nok til å kunne lukke avvika som var knytt til avvikshandtering og miljørisikovurdering.

– Det mangla nokre detaljar i tilbakemelding på dette med luktkrav, så dette avviket vart ståande. Vi sende Veidekke eit vedtak med krav om fleire opplysningar i saka i mars i fjor. Dette vart svara ut og ein meir detaljer plan vart presentert frå verksemda, fortel Dahl.

Veidekke har no planar om å byggje inn anlegget, og om å montere ein luktreinsekonteinar. Dei har ikkje presentert tiltak for lasting av asfalt til båt, berre til bil.

– Truleg er det lasting til bil som bidreg med den største delen av lukta. Dette driv dei med mange timer i døgnet. Men Statsforvaltaren vil vurdere å pålegge tiltak for å redusere lukt også når asfalt vert lasta til båt. Dette vil vi gjere når vi har fått svar på kordan dei tiltaka som er planlagd no fungerer, seier Dahl.

Ferdig i haust
Med den vedtekne framdriftsplanen, vil innbygginga av anlegget være ferdig innan utgangen av oktober 2021.

– Innbygginga av ferdigvareanlegget er eit stort tiltak. Med tanke på luktulempa som vert opplevd i Kristiansund, er det sjølvsagt ønskjeleg at prosjektet vert gjennomført så raskt som mogleg.

Ny luktkartlegging skal verte gjennomført så snart prosjektet er ferdig, og innan tidleg november i år. Den skal gjerast på ulike dagar med ulik drift: Både dagar då all asfalt blir transportert ut på bil og då det skjer vesentleg uttransportering med båt.

Held i saka
– Statsforvaltaren forventar at luktproblema knytt til biltransport skal vere eliminerte når desse tiltaka er gjennomført og gode rutinar er etablert. Vi er usikre på om luktproblema knytt til båttransport av asfalt framleis vil vere så store at det er behov for ytterlegare tiltak her. Det kjem vi attende til når vi har fått rapport frå luktkartlegga, seier Dahl.