Liten auke i uttak av pukkellaks i Møre og Romsdal i år

Det er hittil rapportert uttak av 128 pukkellaks gjennom organiserte tiltak i fylket. Dette er meir enn forrige pukkellaksår i 2023, men mindre enn i 2021.
Annkvart år er det det større innsig av pukkellaks til kysten, som har ein to-årig livssyklus.
Løyve til uttak
– Statsforvaltaren gav fleire forvaltningslag i elvane løyve til ekstraordinært uttak av pukkellaks i sommar, sidan dette er ein framand art som kan ha negativ påverknad på lokale fiskeartar. Løyvet innebar at til dømes harpun og not var lov å bruke under gitte vilkår, fortel seniorrådgivar Geir Moen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Det er ikkje montert fiskefeller i Møre og Romsdal, slik det er i Troms og Finnmark.
Litt fleire pukkellaks i fylket i år
– Det er teke ut ein del meir pukkellaks enn i 2023 (56 stk.), men mindre enn i 2021 (453 stk.). Talet på pukkellaks er likevel relativt stabilt i fylket, og beskjedent samanlikna med Finnmark og Troms, seier Geir Moen.
Desse elvane har rapportert om fangst av pukkellaks gjennom organiserte tiltak i år:
Ørstaelva: 32 stk.
Storelva, Vartdal: 1 stk.
Norangdalselva: 1 stk.
Åheimselva: 13 stk.
Oselva i Syvde: 5 stk.
Stordalselva: 19 stk.
Rauma: 5 stk
Sylte-/Moaelva: 4 stk.
Batnfjordselva: 6 stk.
Driva: 39 stk.
Ålvundelva: 3 stk.
Størst uttak i Driva og Ørstaelva
– Driva, Ørstaelva og Stordalselva er dei tre elvane med uttak av flest pukkellaks i år. Dei rapporterer om at nokre av fiskane er større i år. I Driva har dei fått ein hannfisk på 3,1 kg, og i Ørstaelva var den største 2,7 kg, seier Geir Moen
I sportsfisket er ikkje alle fangstrapportane klare, men hittil er det størst fangst av pukkellaks i Korsbrekkeelva med 9 stk. og Surna med 8 stk.
– Etter at innsiget av pukkellaks brått tok seg opp igjen i 2017 i Norge, ser vi at dei fleste elver av ein viss storleik i fylket, har innslag av pukkellaks annakvart år, fortel Moen.
Du kan følgje med på uttaket i Norge på denne nettsida:
Pukkellaks-uttak i 2025 - miljodirektoratet.no
Tidleg gyting
Pukkellaksen gyt vanlegvis i august og gytetida går no mot slutten. Fiskane døyr etter gyting.
Du kan lese meir om pukkellaks på sida til Norsk institutt for naturforskning: Pukkellaks
Kontaktpersonar
-
Geir Moen
Tlf: 71 25 84 71