Nytt svakt år for laksefiske i Møre og Romsdal

Laks
Fangsttala viser eit nytt svakt år for laksefisket i fylket. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Laksefisket i Møre og Romsdal i 2025 enda på 8,9 tonn laks fiska i elvane. For første gong var sjølaksefiske med kilenot stengt i heile fylket. Elvefangsten er 3 tonn betre enn i fjor, men likevel den nest lågaste som er registrert.

Publisert 09.02.2026

Flest laks fiska i Surna

Størst fangst var det i Surna, med 649 laks på til saman 2430 kg. Av desse vart 362 laks sleppte ut att. Deretter følgde Åheimselva i Vanylven med 335 laks og Moaelva i Hustadvika med 225 laks.

Målt i vekt var Bondalselva nummer to med 764 kilo (205 laks), mens Åheimselva var nummer tre med 714 kilo.

Viktige elvar som Driva, Rauma og Valldøla og Stordalselva var stengt på grunn av manglande haustbart overskot eller reetablering av fiskebestandar (Driva).

Lengre sesong i fleire elvar

– Fleire elvar stengte tidlegare for å få nok gytefisk, men dei fleste hadde lengre fiskesesong enn i 2024. Å sikre nok gytefisk er ei viktig oppgåve for forvaltningslaga i elvane, seier Geir Moen, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

– Innsiget av laks var truleg noko betre enn i 2024, men det er framleis få lyspunkt, seier Moen.

Låg sjøoverleving

– Hovudårsaka til den store tilbakegangen er at færre laks overlever i sjøen. I følgje Vitenskapelig råd for lakseforvaltning er lakselus den største menneskeskapte trusselen mot både laks og sjøaure. For laks spelar også andre tilhøve ute i havet inn.

– Det er viktig med effektive tiltak som reduserer den negative påverknaden på villfisk frå lakselus, samstundes som vi tek godt vare på vassdraga våre, seier Moen.

Figuren viser laksefiske i elv og sjø i Møre og Romsdal i vekt (kilo) i perioden 1983–2025. I 1989 vart det forbod mot drivgarnfiske i sjøen, som reduserte sjølaksefisket betydeleg. I 2021 vart kilenotfisket stengt i alle fjord- og kystområde med unntak av Sunndals-, Tingvoll-, Bergsøy- og Batnfjorden ut til Krifast som stengte i 2025.
Figur: Laksefiske i elv og sjø i Møre og Romsdal i vekt (kilo) i perioden 1983–2025. I 1989 vart det forbod mot drivgarnfiske i sjøen, som reduserte sjølaksefisket betydeleg. I 2021 vart kilenotfisket stengt i alle fjord- og kystområde med unntak av Sunndals-, Tingvoll-, Bergsøy- og Batnfjorden ut til Krifast som stengte i 2025. Kjelde: Statsforvaltaren/SSB.

Låg sjøaurefangst

Sjøaurefangsten i fylket kom på 2,4 tonn mot 2,2 tonn i 2024. Av dette vart 0,9 tonn avliva, mens 1,4 tonn vart gjenutsett.

Eira med Eikesdalsvatnet hadde størst sjøaurefangst, med 383 sjøaurar på 524, der 236 fisk vart slepte ut att.

Pukkellaks

I sportsfisket vart det fiska 55 pukkellaks på til saman 76 kilo. Ekstraordinære uttak kjem i tillegg til dette.

Fangst i vassdraga i 2025 (kilo)

Laks

Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst fangst av laks (avliva + utsett) i 2025 . Tala viser samla fangst i kilo, og i parentes står kilo avliva laks/kilo utsett laks.

1.

Surna, Surnadal

2430 (691/1739)

2.

Bondalselva, Ørsta:

765 (765/0)

3.

Åheimselva, Vanylven:

714 (691/23)

4.

Strandaelva, Stranda

627 (627/0)

5.

Korsbrekkelva, Stranda:

590 (582/7)

6.

Moaelva, Hustadvika:

478 (471/8)

7.

Vikelva (Bjørkeelva), Volda:

462 (460/2)

8.

Eira med Eikesdalsvatnet, Molde

426 (50/375)

9.

Hustadelva, Hustadvika:

386 (374/11)

10.

Ørstaelva, Ørsta:

307 (307/0)

Fangts i vassdraga i 2025 (tal fisk)

Laks

Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av tal laks (avliva + utsett) i 2025. Tala viser totalt tal laks, og i parentes står tal avliva laks/tal utsett laks.

1.

Surna, Surnadal

649 (287/362)

2.

Åheimselva, Vanylven:

331 (318/13)

3.

Moaelva, Hustadvika

225 (221/4)

4.

Strandaelva, Stranda

223 (223/0)

5.

Korsbrekkelva, Stranda:

220 (218/2)

6.

Bondalselva, Ørsta:

205 (205/0)

7.

Vikelva (Bjørkeelva), Volda:

180 (178/2)

8.

Hustadelva, Hustadvika:

167 (155/12)

9.

Eira med Eikesdalsvatnet, Molde:

135 (21/114)

10.

Aureelva, Sykkylven

124 (123/1)

 

Kontaktpersonar