Skogfond på over 100 millionar kroner

Figur: Skogfond i Møre og Romsdal

Når skogeigarar avverkar skog på eigedomen sin, pliktar dei å setje av delar av tømmerinntekta til skogfond. Fondet skal sikre at skogeigar har midlar til å finansiere tiltak i eigen skog. Planting er prioritert. Skogfondet i fylket aukar og er no over 100 millionar kroner.

Publisert 06.11.2025

Jamn auke i fondet

I 2020 var inneståande skogfond på rundt 64 millionar kroner. I slutten av 2024 var det auka til 103 millionar kronar. Det gir ein årleg vekst på over 10 prosent. Årsaka er meir hogst, auka tømmerprisar og auka avsetjing til skogfond.

Berre litt over halvparten av innbetalt skogfond vert utbetalt årleg. Sidan ein gjerne plantar tre år etter hogst, kjem uttak av skogfondet nokre år seinare enn innbetalinga.

Kva skogfond kan nyttast til

Skogfond er øyremerka til investeringar i skogen. Skogeigar skal setje av mellom 4 og 40 prosent av bruttoverdien av tømmerinntekta til skogfond. Mesteparten av midlane går til å plante, pleie ungskog og til å bygge veg, som gir eit berekraftig og lønsamt skogbruk.  Dagens store skogfond gir rom for auka investeringar i skogen. Dei fleste skogeigarar kan forvalte skogen sin meir aktivt, og med det både sikre fornybart råstoff til industrien og auka karbonbinding.

Midlane skogeigar har ståande i skogfond er ikkje renteberande. Det løner seg difor å nytte midlane innan få år. Skogfondet  vert administrert av kommunane, og spørsmål kring bruk kan rettast dit.

Kontaktpersonar