Utlysing av fylkesvise rentemidlar frå skogfond

Organisasjonar kan søkje om støtte frå dei fylkesvise rentemidlane til konkrete prosjekter og tiltak som fremjar skogbruket. Søknadsfristen er 15. november 2025. Søknaden sendast inn via skjema i Altinn.
Søknadsfristen er gjeldande for å være med i hovudtildelinga. Søknadsskjemaet er opent, og ein kan sende inn søknadar gjennom heile året.
Kva kan det søkjast rentemidlar til?
Rentemidlar av skogfond skal brukast til å fremje skogbruket. Eksempel på kva det kan gis støtte til:
- FoU-prosjekter
- Informasjons- og opplæringstiltak
- Undersøkingar
- Fellesutgifter i samanheng med skogfaglege arrangement
Rentemidlane frå skogbruket er ein avgrensa pott, og våre regionale prioriteringar vil og ha betydning for kva søknadar som blir tildelt midlar.
I Møre og Romsdal prioriterer ein tiltak som er med og realiserer måla i:
Det gis støtte til konkrete prosjekt og tiltak, ikkje til ordinær drift.
Kommunale, fylkesvise eller nasjonale rentemidlar?
Prosjektet skal ha regionalt verkeområde og betydning. Prosjekt av lokal betydning viser til landbruksforvaltninga i den enkelte kommune. Søknader av nasjonal betydning og verkeområde viser til Landbruksdirektoratet.
Slik søkjer du
Fyll inn søknad med vedlegg i skjemaet "Rentemidler skogfond - søknad" i Altinn.
Søkjar må ha organisasjonsnummer. For å sende inn skjemaet må du ha rolla dagleg leiar eller utfyller/innsendar i Altinn for di verksemd.
Krav til søknad
Søknaden skal innehalde følgjande:
- Kven som søkjer
- Søknadsbeløp
- Hovudmål, delmål og kort beskriving av prosjektet
- Målgruppe
- Kven som skal utføre arbeidet og aktuelle samarbeidspartnarar
- Framdriftsplan med sluttdato
- Budsjett og kostnadsplan for dei ulike delane i prosjektet
- Finansieringsplan inkludert eigeninnsats, timeprisar og tal timar
- Plan for rapportering
- Formidlingsplan av resultat i prosjektet
Krav til rapportering
- Utbetaling av støtte skjer på bakgrunn av godkjent rekneskap og sluttrapport. Rekneskapen skal samsvare med budsjettet i søknaden.
- Vi kan kontrollere rekneskap og be om innsyn i bilag.
- Dersom kostnadane i prosjektet blir mindre enn budsjettert, kan støtta bli redusert.
- Dersom mottakar av støtta ikkje opptrer i samsvar med forutsetningane for tildelinga, kan støtta trekkjast heilt eller delvis tilbake.
Skogfond og rentemidlar
Skogfondsordninga og bruk av skogfondet sine rentemidlar blir regulert av forskrift om skogfond o.a. Skogeigar har plikt til å setje av skogfond ved alt sal av tømmer og skogsvirke. Føremålet er å sikre berekraftig forvaltning av skogressursane, og at skogfondet blir brukt til langsiktige investeringar i skogen som virket kjem frå.
Skogeigaren har ikkje krav på rentar av inneståande skogfond på skogeigedomen sin. Rentene skal kome skogbruket sitt fellesskap til gode, og fordelast mellom kommunar, fylker og nasjonalt nivå. Rentemidlane blir brukt til administrasjon av skogfondsordninga, informasjons- og rettleiingstiltak, og støtte til prosjekter etter søknad.
Landbruksdirektoratet godkjenner budsjettert bruk av dei fylkesvise rentemidlane.
Kontaktpersonar
-
Odd Løset
Tlf: 71 25 84 08 -
Åslaug Røberg
Tlf: 71 25 85 76