Store skogskadar etter Amy

Stormen Amy 3- 4. oktober førte til mykje stormfelt skog i fylket. Førebelse tal viser at det er blåst ned om lag 250 000 kubikk med tømmer, og det kan tyde på at vi er det fylket som er hardast råka. Det er nesten like mykje som årleg hogstvolum i Møre og Romsdal dei siste åra.
Tingvoll kommune har vore mest utsett. Elles har kommunane Rauma, Molde, Surnadal og Sunndal ein del vindfelt skog. I resten av fylket er det mest einskilde tre som er blåst ned, men også nokre reine granbestand er rasert.
Alle treslag er ramma. Det er meldt om furutre på over 200 år som ikkje har tolt denne vinden. Grana utgjer likevel det meste av volumet.
Mange mista elektrisiteten under stormen grunna trefall over linenettet. Fleire vegar blei stengt, og det er meldt om skadar på nokre eldre driftsbygningar og garasjar.
Verdiar og forsikring
Mengda stormfelt skog utgjer store verdiar. Verdien vert redusert gjennom brekkasjar og stammebrekk. Det fører til at meir av virket går til massevirke enn om det hadde vore ståande skog. Hogst av vindfelt skog er meir arbeidskrevjande enn hogst av normal skog. Delar av skogen ligg i ulendt terreng utan vegar i nærleiken. Uttak av vindfelt skog fører difor med seg høgare driftskostnader.
Likevel er dette ein så stor ressurs at tømmeret bør takast ut der det er mogleg. Prisane på gran er framleis høge, medan det for furu er ein nedgang.
Redusert tømmerverdi på grunn av vindfall vert berre dekt av skogforsikring i Skogbrand. Dette er ikkje lenger famna av naturskadeordninga. I vårt fylke har berre kring 15-20 prosent av skogeigarane skogforsikring.
Det er per i dag ikkje signal om ekstraordinære tilskotsmidlar til uttak av stormskadd skog.
Opprydding er farleg arbeid
Opprydding av vindfelte tre er farleg arbeid og bør gjerast av folk med erfaring og kompetanse i bruk av motorsag. Vindfallhogst er så risikofylt at oppryddinga primært bør skje med hogstmaskin.
Delar av det vindfelte tømmeret ligg i spenn, og ved å vente nokre veker med oppryddinga vil dette bli merksamt mindre.
Statsforvaltaren vil oppmode dei som har store mengder vindfelt tømmer om å ta kontakt med tømmerkjøparane for å få hjelp med hogsten. Fleire maskinlag vil bli omdirigert til slik hogst. Skogbrukssjefane i kommunane vil og kunne gje aktuelle råd.
Sidan vi no går mot vinter vil ikkje den vindfelte skogen få noko ytterlegare redusert verdi grunna insekt eller sopp, og det hastar ikkje med hogsten før til våren. Store mengder snø vil kunne gjere avverkinga vanskeleg.
Kontaktpersonar
-
Odd Løset
Tlf: 71 25 84 08 -
Åsmund Asper
Tlf: 71 25 84 07