Store lauvskogressursar som er lite nytta

Kartutsnitt som viser lauvskog i ulik helling. Kjelde: ArcMap

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fått utarbeidd ei oversikt over lauvskogressursane i fylket. Kartlegginga viser at det står over 16 millionar kubikk med lauvskog i skogane våre. Av dette står 24 prosent i køyrbart terreng.

Publisert 31.10.2025

Ein unytta ressurs

Fornybare ressursar som lauvskog har fått aukande merksemd med tanke på å erstatte  fossil energi. Høgare energiprisar bidreg også til dette. Likevel har nedgang i vedforbruk dei siste 20 åra og gjengroing ført til at volumet av lauvskog er aukande.

I dag vert svært lite lauvskog nytta kommersielt. Noko vert nytta til ved og i flisfyringsanlegg, men dette er marginalt i forhold til reell ressurstilgang.

Store volum

Totalt finst det 16,2 millionar kubikkmeter lauvskog i fylket.

Dei største skogkommunane har naturleg nok også mest lauvskog. Rauma kommune har mest, med nesten 1,9 millionar kubikk. Surnadal og Molde følgjer som nummer to og tre. Smøla og Giske har klart minst.

Står lauvskogen berre i bratt terreng?

For å finne ut kva lauvskog som er mest driftsmessig interessant, er lauvskogareala delt inn etter helling. Terreng med 0-15 grader helling vert rekna som køyrbart.

Over 24 prosent av lauvskogen i fylket står i køyrbart terreng – tilsvarande 283 kvadratkilometer. Dette varierer mykje mellom kommunane. I Fjord, Volda og Stranda står berre 10–13 prosent i slikt terreng, medan Hustadvika, Averøy og Ålesund har mellom 38–44 prosent.

Volumet av lauvskog i køyrbart terreng i fylket er over 3,6 millionar kubikk.  

Stort potensiale

Undersøkinga viser at sjølv om fylket har mykje bratt terreng, står nesten ein fjerdedel av lauvskogen i område som kan drivast med maskiner. Denne skogen vert i liten grad nytta og forvalta i dag. Lauvskogen er derfor ein fornybar ressurs med stort potensiale for auka bruk.

Kartfestinga i undersøkinga gjer det mogleg å gå vidare med meir detaljerte analysar. Står lauvskogen langt frå bilveg? Kvar finst dei største samanhengande lauvskogområda? Kjem eventuell drift i konflikt med registrerte naturverdiar?

I det grøne skiftet må fossil energi erstattast med energi frå fornybare ressursar. Det gjer lauvskogen til ein aktuell og viktig ressurs for framtida.

Kontaktpersonar