Mykje skogplanting – dårleg med stell

Skogplanting
Skogplanting. Foto: Odd Løset.

I 2025 blei det planta over 6 000 dekar skog i Møre og Romsdal. Ein må tilbake til 1997 for å finne tilsvarande nivå. Det blei gjennomført ungskogpleie på litt over 3 000 dekar.

Publisert 30.03.2026

Rekordhøg planteaktivitet 

Meir enn 1,3 millionar skogplanter blei sett ut i fylket i 2025. 98 prosent av plantene var gran, resten var hengebjørk og furu. Totalt blei 6 067 dekar planta. Surnadal kommune stod for 999 av desse. 

Rundt 80 prosent av plantene blei sette ut av entreprenørar, medan skogeigarane sjølve stod for resten. På slutten av 1990-talet var det framleis ein del skogreising, men det har vore lite av det etter år 2000.  

I dag blir det i hovudsak planta tre år etter hogst av barskog. I Møre og Romsdal ventar vi gjerne så lenge for å redusere skadar frå gransnutebilla. Då er hogstavfallet mindre attraktivt som næring, og bestanden av biller går tydeleg ned. 

Plantar vi nok?

Etter granhogst vert det normalt planta. Forynging av furu skjer gjerne med frøtre. Sjølv om det er lovpålagt å plante etter hogst, har vi ikkje full oversikt over kor mykje areal som faktisk blir avverka, og dermed kor mykje som må plantast. 

I Møre og Romsdal er 80–100 prosent av det årlege hogstarealet forynga dei siste åra. 

I perioden 2016–2021 låg talet langt lågare, berre 50–60 prosent. Vi har altså eit stort etterslep, der det no veks krattskog på høgproduktive areal. 

For lite ungskogpleie

Ungskogpleie inneber å fjerne tre som hemjar veksten til dei trea ein ønskjer å satse på, og å regulere talet på tre for å sikre god kvalitet og produksjon i framtidsskogen. 

I 2025 blei det utført ungskogpleie på 3 198 dekar, om lag halvparten av det som blei planta. Erfaring viser at eit planta areal treng ungskogpleie 1–2 gonger for å gi optimal skogskjøtsel. Det betyr at behovet i 2025 eigentleg var minst tre gonger så stort som det som blei gjennomført. 

Arealet med utført ungskogpleie har auka svakt dei siste åra, og ein håpar at meir planting vil gi auka aktivitet framover. Likevel er behovet stort, og etterslepet omfattande. Omtrent halvparten av ungskogpleia blir utført av entreprenørar. 

Skogpådrivarar gir resultat

Bruk av skogpådrivarar – fagpersonar som går gjennom skogen saman med skogeigar og peikar på naudsynte tiltak – har vist seg svært effektivt for å auke aktiviteten. 

Eit godt døme er Vestnes kommune, som leigde inn ein skogpådrivar i fjor. Det førte til at arealet med ungskogpleie blei fire gonger større enn året før. 

Mange skogeigarar har i dag eit meir perifert forhold til eigen eigedom enn tidlegare og difor er fagleg rettleiing viktig. 

Låg kostnad – høg framtidsverdi 

I 2025 kosta det i snitt 8,75 kroner å plante ei skogplante, inkludert både plantekostnad og arbeid. Å plante eitt dekar kosta i snitt 1 886 kroner. 

Tilskot dekte 29 prosent av kostnaden, medan resten blei finansiert med skogfond og eigne midlar. 

Ungskogpleie kosta i snitt 594 kroner per dekar, og 55 prosent av dette blei dekt av tilskot. 

Kostnadene ved forynging og ungskogpleie er moderate, særleg når ein tek omsyn til tilskot og bruk av skogfond. Tiltaka legg grunnlaget for ein skog som gir betre vekst, høgare kvalitet og større økonomisk avkasting i framtida. 

Kontaktpersonar