Foryngingsplikt og foryngingskontroll

Skogeigar si plikt til å fornye skogen etter hogst er ein naudsynt del av eit langsiktig og berekraftig skogbruk. Skog er ein fornybar ressurs, men det krev normalt oppfølgjande tiltak. Kommunane som skogbruksmynde har ansvar for å følgje opp foryngingsplikta ved foryngingskontroll.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.05.2020

Foryngingsplikt

Foryngingsplikta er ei plikt skogeigar har til å få opp att ny skog etter hogst. Plikta er heimla i skogbrukslova og berekraftforskrifta. Når ein avverkar skog vert denne plikta utløyst. Dei aller fleste stader vil det kome opp att ny skog, men utan tiltak vil det gjerne bli krattskog utan nemnande verdi. Nettopp derfor er plikta til å få opp att ny skog fastsett i lovverket. Treslaget som areala vert forynga med skal ha nokolunde same kvalitet, produksjon og verdi som det som stod der før. Naturleg oppkomen lauvskog etter hogst av planta produksjonsskog vil svært sjeldan oppfylle desse krava. Etter hogst av gran i vårt område er planting normalt einaste alternativ. Foryngingsplikta skal sikre berekraftig forvaltning av skogressursane, kvalitet på skogen og framtidige inntekter for skogeigar. Dette er avgjerande for framtidig verdiskaping frå skogbruket og forvaltninga av ein fornybar ressurs. Gran er å sjå på som eit norsk treslag som kan nyttast i heile landet. Skogeigarane er pliktige til å setje av pengar av tømmeroppgjeret til skogfond, noko som berre kan nyttast til tiltak i skogen, og tiltak for å få opp att ny skog er prioritert.

 

Foryngingskontroll

Kommunen som skogbruksmynde har ansvar for å handheve foryngingsplikta. Kommunane gjennomfører mellom anna ein foryngingskontroll. Kontrollen avdekker om planting er gjennomført i dei felta der dette er aktuell foryngingsmetode. Ved plan om naturleg forynging vil ein sjå til at det lagt til rette for dette, med t.d. nok frøtre. Utplukk av felt til kontroll vert gjort av Landbruksdirektoratet. Gjennom skogfondsrekneskapet kan dei sortere ut kva for skogeigarar som ikkje har kjøpt planter etter hogsttidspunkt. Dersom kommunen avdekker brot på foryngingsplikta kan det bli gitt pålegg eller gjennomført tvangstiltak. Hovudmålet er likevel å løyse dette gjennom dialog og påminning, og dermed få auka aktivitet.